Oslomeridianen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Observatoriet i Oslo, den eldste bygningen ved Universitetet i Oslo, vart innvigd i 1834, og nytta som observatorium fram til 1934.

Oslomeridianen er nemninga for ein særnorsk nullmeridian (null-lengdegrad) frå 1948 som med tida er gått ut or bruk. Men for mange av turgåarane i Nordmarka i Oslo er Oslomeridianen likevel eit kjent fenomen ved at det er markert ved hytta til idrettslaget Lyn, som ligg attmed vatnet Store Åklungen (sørvest i vatnet), at Oslomeridianen kryssar 60 gradar nordleg breidde på staden der hytta ligg.

Oslomeridianen vart nytta frå 1948 i samband med kartlegging og oppmåling av Noreg etter det såkalla System ngo 1948, eit nasjonalt koordinatsystem som seinare er erstatta av eit internasjonalt system. Meridianen går gjennom Observatoriet i Oslo, som i 1865 var fastsett til å liggje 10º 43'22.5" (10 gradar, 43 minutt og 22,5 sekund) aust for Greenwich-observatoriet i London i England. Dette kunne fastsettjast ved hjelp av astronomiske observasjonar og overføringar av tidspunkt over telegrafliner frå observatoria i København og Stockholm, ettersom desse observatoria allereie hadde fastlagd astronomisk sine lengdegrad-plasseringar i høve til observatoriet i Greenwich. Etter kvart vart lengdegraden gjennom observatoriet i Greenwich godteken over heile verda som sams nullmeridian.