Ostermundigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ostermundigen
Horisonten til Ostermundigen
Horisonten til Ostermundigen
Kommunevåpenet til Ostermundigen
Kommunevåpenet til Ostermundigen


Plassering
Ostermundigen is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Bern-Mittelland
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

6,00 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

15 438
  2 573 /km²
Koordinatar 46°57′0″N 7°29′0″EKoordinatar: 46°57′0″N 7°29′0″E
Høgd over havet 585 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3072
Nettstad: www.ostermundigen.ch

Ostermundigen er ein kommune i Bern-Mittelland i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 15 438 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6 km². Kommunesenteret ligg 585 meter over havet, 1 km aust for bygrensa til Bern.

Utsikt over Ostermundigen

Ostermundigen fekk jarnbane i 1859. Det multinasjonale selskapet Intersport og meieriet Emmi er dei største arbeidsplassane i kommunen. Mange av innbyggarane i kommunen pendlar til Bern med Bernmobil eller S-Bahn Bern.

Syklisten Fabian Cancellara og skodespelaren Ursula Andress voks opp i Ostermundigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]