Oto Nemsadze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oto Nemsadze
ESC2019-Georgia.jpg
Fødd18. juni 1989 (33 år)
FødestadGori
Fødenamnოთო ნემსაძე
OpphavGeorgia
Aktiv2010–
Sjangerpop
Verka sommusikar, songar

Otar Nemsadze (fødd 18. juni 1989) er ein georgisk songar. 3. mars 2019 vann han georgiske Idol og representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med songen «Sul tsin iare».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nemsadze vart fødd i Gori i Georgia. Han vart kjend i Georgia i 2011, då han vann talenttevlinga Geostar, den georgiske versjonen av Idol. I 2013 nådde han ein andreplass i talentprogrammet Holos Krajiny, den ukrainske utgåva av The Voice.[1][2]

I 2017 deltok Nemsadze i den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2017 som del av gruppa Limbo. Gruppa enda på ein delt tiandeplass blant 25 deltakarar med songen «Dear God».[3]

I 2019 deltok Nemsadze på ny i georgisk Idol, og 3. mars 2019 vart han nok ein gong kåra til vinnar av georgisk Idol gjennom ei telefonavrøysting. 2019-utgåva av Idol fungerte òg som ein nasjonal finale til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. I Idol-finalen framførte han den patriotiske rockeballaden «Sul tsin iare» ('gå på'), som òg var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Georgia goes ahead with Oto Nemsadze for Eurovision 2019». EBU. 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Oto Nemsadze wins Georgian Idol 2019 with the patriotic rock ballad “Sul Tsin Iare”» (på engelsk). 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  3. «Poll results: Oto Nemsadze is your favorite to win Georgian Idol 2019» (på engelsk). 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019.