Otto Lyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Otto Lyng (15. juni 19269. september 2003) var ein norsk jurist og politikar. Han representerte partiet Høgre og Sør-Trøndelag fylke på Stortinget i 20 år; 1958-77.

Lyng voks opp i Trondheim, der far hans var lektor. Familien deltok aktivt i motstandsarbeid under andre verdskrigen. 16 år gammal reiste til London via Stockholm for å motta informasjon og opplæring til vidare motstandsverksemd. Etter krigen vart han tildelt den norske Deltakarmedaljen og den britiske King's Medal for Courage in the Cause of Freedom.

I 1950 tok Lyng juridisk embetseksamen og gjekk straks etter inn i drifta av Trondhjems Jernindustri AS på Bakklandet i Trondheim. Han var avdelingssjef ved fabrikken 1950-57 og sidan juridisk rådgjevar til 1993. Frå 1963 til -93 var han medlem av styret i selskapet, siste fem åra som styreformann. Han var med på å gjere Trondhjems Nagle- & Spigerfabrik i Ila om til den høgteknologiske verkstaden Teeness AS på Ranheim i Trondheim. Elles var Lyng 1968-91 medlem av hovudstyret i Folketrygdfondet og 1981-85 styreformann i Noregs Bank.

Lyng var medlem av Trondheim bystyre 1952-63, og formann i Unge Høgre frå 1955 til -57. Hausten 1957 vart han vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag, der han vart sitjande til 1977. Til liks med fleire andre unge Høgre-representantar hadde han vanskar med å innordne seg under leiaren av stortingsgruppa, veteranen C.J. Hambro. Etter fire år i Administrasjonskomitéen og fem i Militærkomitéen, var han sekretær i Utanriks- og konstitusjonskomitéen frå hausten 1966 til han slutta å vere stortingsrepresentant i 1977.

Etter militærkuppet Hellas i 1967 tok Lyng sterk avstand frå militærjunaten. I eit møte med oberst Stylianos Pattakos tok han kuppmakaren i brystet og skreik: «Ditt diktatorsvin! Du representerer den brutaliserte politiske stupiditet!». Under Borten-regjeringa fungerte Lyng som innpiskar for representantane i alle dei fire regjeringspartia. Om leiinga av stortingsgruppa sa Lyng at «Under Kåre Willoch ble partigruppen styrt etter den militære straffelov, under Svenn Stray ble den styrt etter Løsgjengerloven.» Lyng var medlem i Høgre sitt landsstyre 1968-70 og sentralstyre 1971-73.

Etter tida på Stortinget kom Lyng tilbake til politikken som medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1980-83, eit organ han kalla «politikkens 7. divisjon» og stilte ikkje til attval. Tidleg i 1990-åra gjorde Lyng seg til talsmann for småaksjonærane i Fokus Bank, aksjonærar som under den dåverande bankkrisa tapte innskota sine.

I 1994 melde han seg ut av Høgre i protest mot helsepolitikken til partiet. Lokalpolitisk kom han tilbake som medlem av Trondheim bystyre 1995-99.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på «Otto Lyng» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.

Stortingsbiografi