Otto Mortensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Mortensen
Fødd18. august 1907
FødestadKøbenhavn
Død30. august 1986
DødsstadAarhus
OpphavDanmark
Instrumentpiano
Verka somkomponist, musikkforskar, pianist

Otto Jacob Hübertz Mortensen (18. august 190730. august 1986) var ein dansk pianist, komponist og musikkforskar. Han har mellom anna tonesett Nordahl Griegs dikt «Til ungdommen», òg kalla «Kringsatt av fiender». Det er hans melodi som vanlegvis vert nytta til dette diktet, som vert sunge i Noreg ved mange ulike høve.

Otto Mortensen var fødd i København og døydde i Aarhus.

Utdanning og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Otto Mortensen vart oppteke på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium etter exsamen artium (studentereksamen) for å utdanne seg til pianist. Han hadde debutkonserten som pianist i 1930 og verka deretter i nokre år som akkompagnatør, solist, kammermusikar og lærar. Frå 1937 til 1956 var han opera-repetitør ved Det kongelige Teater i København, og frå 1942 til 1966 pianolærar ved Musikkonservatoriet i København. Dessutan har han vore dirigent for mellom anna Det Kongelige Kapel i København, Opéra Comiques orkester i Paris og i Danmarks Radio.

Allerie då han var elev på musikkkonservatoriet vart han oppteke av at dei store nye innflyttargruppene i byane skulle få høve til å skaffe seg musikalsk kunnskap og kunne spele eit instrument. Dette var idear som gjorde seg gjeldande i tida, med opphav i Tyskland. Det vart skipa musikkskular og komponert musikk til ulike føremål, som til dømes for gymnastikk, fotballkampar, kabaretar og teaterskodespel. Ikring 1930 var Otto Mortensen fleire gongar i Berlin for å studere korleis dei organiserte musikkskular for folket der. Han utgav òg sjølv nokre lærebøker i klaver og blokkfløyte, og var med på å vekkje ny interesse i Danmark for blokkfløyta.

På 1950-talet vart Otto Mortensen meir interessert teoretiske musikalske emner, og vart mag. art. i musikkvitskap i 1956 etter eit studium ved Københavns Universitet. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar og bøker: Harmonisk analyse efter grundbas-metoden (1954), Om Buxtehudes dansesatser for klaver, Om polsk-dansen i Danmark og fleire. Frå 1966 til 1974 var han lektor i musikkvitskap ved Århus Universitet i Danmark.