Otto Thott Fritzner Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Thott Fritzner Müller
Fødd 3. desember 1864

Trondheim

Død 28. desember 1944
Halden
Parti Høgre

Otto Thott Fritzner Müller (3. desember 186428. desember 1944) var ein norsk skulemann og politikar frå Trondheim, busett i Halden. Han representerte partiet HøgreStortinget i åra 1919-24.

Müller var son til ein skulemann og tok sjølv den same yrkesvegen. Fram til 1892 hadde han ymse lærarpostar, mellom anna i Drammen og heimbyen Trondheim. Frå 1892 til 1935 var han tilsett ved Fredrikshald off. skole, både som klasselærar, adjunkt, overlærar og til sist rektor i elleve år. 1912-18 var han også revisor i Halden Sparebank.

I tida 1910-25 var Müller bystyremedlem i Halden, ordførar 1914-16. Han var elles medlem i fattigstyret og i likningsnemnda i kommunen. Dessutan var han styreformann 1917-23 for Fredrikshalds teater. Hausten 1918 vart Høgre-mannen Müller vald til å representere einmannskrinsen Fredrikshald på Stortinget 1919–21. Tre år seinare vart han attvald til ein ny treårsperiode, då som ein av fire representantar frå dei fem kjøpstadene i Østfold fylke, framleis for partiet Høgre. Begge tingperiodane var han med i Kyrkje- og skulekomiteen, formann i den fyrste treårsbolken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]