Pannonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Pannonia utheva.
Provinsar i Romarriket, Pannonia markert med raudt.

Pannonia var eit gammalt land og deretter ein provins i Romarriket som grensa nord og aust mot Donau, hadde grense vestover med Noricum og øvre del av Italia, og sørover med Dalmatia og øvre Moesia. Pannonia låg over området til den vestlege delen av dagens Ungarn, den austlege delen av Austerrike, nordlege Kroatia, nordvestlege Serbia, nordlege Slovenia, vestlege Slovakia og nordlege Bosnia-Hercegovina. I dag blir nemninga brukt for det ein kallar Transdanubia i Ungarn og for den nordlege delen av det tidlegare Jugoslavia.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske lingvisten Julius Pokorny har avleidd stadnamnet Pannonia frå illyrisk, igjen avleidd frå det urindoeuropeiske rotordet *pen-, 'myr, vatn, våt' (samanlikn med engelske fen, 'marker/grenseområde' og hindi pani, 'vatn').[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før romarane[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste innbyggarane i området etter førhistorisk tid var pannonii (pannoniere), ei gruppe indoeuropeiske stammar som var nært i slekt med illyrarar. Frå 300-talet f.Kr. blei landet invadert nordfrå av keltisktalande stammar,[2] men lite er kjent frå periodane deretter før i 35 f.Kr., då befolkninga, som då var alliert med dalmatiarar, eit folk ute ved kysten av Adriahavet (dagens Kroatia), blei angripen av romarane under Augustus som erobra og okkuperte byen Siscia (Sisak). Landet var endå ikkje fullstendig underkasta romarane før i 9 f.Kr., då det blei lagt inn under provinsen Illyricum. Grensa blei såleis strekt så langt som til Donau.[3]

Under romarane[endre | endre wikiteksten]

I år 6 e.Kr. gjekk pannoniarane, saman med dalmatiarar og andre illyriske stammar, til eit veldig opprør som romarane kalla for Bellum Batonianum («krigen med batonarane»), men som i dag blir kalla det store illyriske opprøret.[a][4] Det blei slått ned av Tiberius og Germanicus etter ein innbiten krig som varte i tre år. Etter at opprøret var knust i år 9 blei provinsen Illyricum oppløyst, og området til provinsen blei inndelt i den nye provinsen Pannonia i nord og Dalmatia i sør. Kva tid inndelinga skjedde er uklart, truleg fyrst etter år 20, men før år 50. Nærleiken av truande barbariske stammar i nord som kvadarar og markomannarar, gjorde det nødvendig å ha eit stort tal troppar (sju legionar i seinare tid), og talrike festningar langs breidda av Donau.

Ein gong mellom 102 og 107, mellom den første og den andre dakiske krigen, delte keisar Trajan provinsen inn i Pannonia Superior (den vestlege delen med hovudstad i Carnuntum) og Pannonia Inferior (den austlege delen med hovudstadar i Aquincum og Sirmium).[5] Ifølgje geografen Klaudios Ptolemaios var desse inndelingane skilde av ei linje trekt frå Arrabona i nord til Servitium i sør; seinare blei grensa plassert lengre austover. Heile landet blei tidvis kalla for Pannonias (Pannoniæ).

Pannonia Superior var underlagt konsulær legat som tidlegare hadde administrert ein enkelt provins, og hadde tre legionar under kontrollen sin. Pannonia Inferior var fyrst underlagd ein pretoriansk legat med ein enkel legion som garnison, etter Marcus Aurelius blei han lagt under ein konsulær legat, men framleis med berre ein legion. Under Hadrian blei grensa ved Donau verna gjennom etableringa av to koloniar, Aelia Mursia og Aelia Aquincum.

Bispedømet Pannonia i 300 e.Kr.

Under Diokletian blei det gjort ei firfaldig inndeling av landet:

  • Pannonia Prima i nordvest, med hovudstad i Savaria,[b]
  • Pannonia Valeria i nordaust, med hovudstad i Sopianae,
  • Pannonia Savia i sørvest, med hovudstad i Siscia,
  • Pannonia Secunda i søraust, med hovudstad i Sirmium.

Diokletian flytta òg delar av dagens Slovenia ut av Pannonia og la dei inn i Noricum. I 324 utvida Konstantin den store grensene i aust, og annekterte slettene som i dag er austlege Ungarn, nordlege Serbia og vestlege Romania frå dei limes (yttergrensene av Romarriket) der han oppretta Djevelens dike.[6]

På 300-400-talet var eit av bispedøma i Romarriket kjent som bispedømet Pannonia. Det hadde hovudsete i Sirmium, og omfatta alle dei fire provinsane som utgjorde det historiske Pannonia, i tillegg til provinsane i Dalmatia, Noricum Mediterraneum og Noricum Ripense.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Batonarane viser til tilhengjarane av opprørsleiaren Bato.
  2. Også stava Sabaria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pokorny, Julius: Indogermanisches etymologisches Wörterbuch, No. 1481; sjå også «pen-2, pen-ko» i: Pokorny: Indo-European Etymological Dictionary
  2. Mocsy, A.; Frere, S. (1974): «Pannonia and Upper Moesia» i: A History of the Middle Danube Provinces of the Roman Empire, Routledge & Kegan Paul Books, s. 152.
  3. Kos, Marjeta Ŝaŝel: «Dalmatia and Pannonia under Augustus» i: Moosbauer, Günther & Wiegels, Rainer, red.: Fines imperii – imperium sine fine?
  4. Kos, Marjeta Ŝaŝel (1986): A Historical Outline of the Region Between Aquileia, the Adriatic and Sirmium in Cassius Dio and Herodian, Ljubljana, s. 178–190.
  5. Marquez-Grant, Nicholas; Fibiger, Linda (2011): The Routledge Handbook of Archaeological Human Remains and Legislation, Taylor & Francis, s. 381
  6. Djevelens diker Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine., essayer på ungarsk med fotografier

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]