Dominica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
Commonwealth of Dominica

(norsk: Dominica, dominikisk)

Det dominikiske flagget Det dominikiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Isle of Beauty, Isle of Splendour»
Motto After God is the Earth ('Etter Gud er jorda')
Geografisk plassering av Dominica
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Roseau
Styresett
Republikk
Charles Savarin
Roosevelt Skerrit
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
751 km² (176.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
73 897 (189.)
69 625¹
98,4 /km² (82.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
3. november 1978
Nasjonaldag 3. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
820 mill. USD (186.)
12,000 USD (100.)
Valuta Aust-karibisk dollar
Tidssone UTC -4
Toppnivådomene .dm

¹Folketeljing 2001

Samveldet Dominica er ein øystat i Karibia som lig mellom dei to franske oversjøiske departementa Guadeloupe i nord og Martinique i sør. Hovudstaden heiter Roseau. Landet er medlem av Samveldet av nasjonar. Dominica var den siste av dei karibiske øyane som blei kolonisert av europearane, takk vere hard motstand frå karibfolket som budde der. På latin tyder Dominica 'sundag', som var vekedagen då Colombus oppdaga øya.

Kart

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dominica er ein karibisk øystat på 754 km². Mesteparten av Dominica er dekt av regnskog. Fleire dyre- og planteartar som ein trudde var utrydda er blitt funne igjen på Dominica. Dominica og Venezuela har ein territoralkonflikt kring Isla Aves, ei lita øy 110 km vest for Dominica.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dominica har tropisk klima. Middeltemperaturen i hovudstaden Roseau er 25 °C i februar og 28 °C i august-oktober. Det kjem særs mykje nedbør på øya, og årsnedbøren er frå 2000 mm ved kysten til over 6000 mm i fjella. Mellom juni og november kan Dominica verte råka av tropiske orkanar, som stundom fører til store øydeleggingar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første europearen som såg Dominica var oppdagaren Kristoffer Columbus i 1493. Øya var åstad for fleire mislukka europeiske koloniseringsforsøk i løpet av 1600-talet. Dominica låg under den franske interessesfæren fram til 1763, då Storbritannia overtok øya og etablerte henne som koloni i 1805. Då alle slavane i det britiske imperiet blei frigjorte i 1834, blei Dominica i 1838 den første britiske kolonien i Karibia med ei lovgjevande forsamling dominert av såkalla farga. I 1896 la Storbritannia Dominica under direkte kontroll som ein kronkoloni. Mellom 1958 og 1962 var Dominica medlem av Den vestindiske føderasjonen. Dominica blei sjølvstendig i 1978.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2011 hadde Dominica ein folkesetnad på 71 293.[1]

Omtrent heile folkesetnaden på Dominica stammar frå afrikanske slavar. Dominica er òg ei av få øyar i det austlege Karibia der det bur før-colombianske karibar. Ca. 3000 bur på austkysten i eit eige område. Færre enn 200 av innbyggjarane på øya er rekna som kvite. Folkeveksten på Dominica er veldig låg, mest på grunn av emigrasjon til andre karibiske øyar, Storbritannia, USA eller Canada.

Engelsk er det offisielle språket på Dominica og blir forstått av alle innbyggjarane. På grunn av historisk tilknyting til Frankrike finst det eit franskbasert kreolspråk patois nytta av deler av folkesetnaden.

Omtrent 80 % av folkesetnaden er katolikkar, og i dei seinare åra er det blitt etablert ein del protestantiske kyrkjer.

Politikk og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Dominica er ein republikk med parlamentarisk regjeringssystem. Presidenten er statsoverhovudet, medan den utøvande makta ligg hos statsministeren. Parlamentet har 30 medlemmar i eitt kammer (House of Assembly), av desse er 21 valde direkte av folket, medan dei siste ni er senatorar som blir utnemnde av presidenten eller andre parlamentsmedlemmar.

I motsetnad til andre tidlegare britiske koloniar i området har Dominica aldri vore eit samveldekongedømme, men blei republikk ved sjølvstendet i 1978.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dominica er oppdelt i 10 prestegjeld (parish). Desse har fått namn etter helgenar.

Kart over Dominicas prestegjeld i alfabetisk orden.
  1. Saint Andrew Parish
  2. Saint David Parish
  3. Saint George Parish
  4. Saint John Parish
  5. Saint Joseph Parish
  6. Saint Luka Parish
  7. Saint Mark Parish
  8. Saint Patrick Parish
  9. Saint Paul Parish
  10. Saint Peter Parish

Forsvars- og utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Dominica er medlem av mellom anna Samveldet av nasjonar, den karibiske fellesskapen (CARICOM) og Organisasjonen for austkaribiske statar (OECS).

Dominica har ikkje eigne militære styrkar. Dominica Police Force har ein eigen Special Service Unit og ei båteining. I tilfelle krig eller unntakstilstand erklært av styresmaktene, kan politistyrken i landet nyttast som forsvarsstyrke.[2]

Dominica er medlem i Regional Security System, eit forsvarssamarbeid mellom sju austkaribiske statar.[3]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i landet er avhengig av turisme og landbruk. 40 % av arbeidsstokken jobbar i jordbrukssektoren. Hovudprodukta for dominikisk landbruk er tobakk, bananar, grønsaker, sitrusfrukt, kopra og kokosnøttolje. Andre industriar, utanom turisme, er produksjon av såpe, møblar, sement og skor.

Dominica er prega av høg fattigdom (30 %), høg arbeidsløyse (23 %) og lågt bruttonasjonalprodukt (5400 dollar per innbyggjar). Økonomien er i stor grad avhengig av bananeksport. Vekslinger i prisen på bananar gjer seg merka i heile økonomien.

Turistindustrien lid av mangelen på ei internasjonal lufthamn.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Høgtider og fridagar[endre | endre wikiteksten]

Dominica har tolv offentlege fridagar.[4] Dei religiøse høgtidsdagane langfredag og andre påskedag, andre pinsedag, første og andre juledag er offentlege fridagar. Det gjeld òg første nyttårsdag. I tillegg kjem ei rekkje andre offentlege fridagar. I samband med karneval er det to offentlege fridagar, måndag og tysdag før oskeonsdag. 1. mai blir markert som arbeidardag. Første måndag i august blir feira som frigjevingsdagen, Emancipation Day til minne om avskaffinga av slaveriet. Sjøllvstendedagen er 3. november og er etterfølgd av dagen for nasjonal samfunnsteneste, som òg er offentleg fridag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2011 Population and Housing Census. Preliminary Results, Roseau: Central Statistical Office, 2011, s. 6.
  2. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113-116.
  3. Dent, David W. og Larman C. Wilson: Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgave, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.
  4. «Public Holidays», Government of the Commonwealth of Dominica. Lest 18. desember 2016.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Dominica» på Wikipedia på bokmål/riksmål.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dominica