Menorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menorca
Flagget til Menorca
Flagget til Menorca
Geografi
Localització de Menorca respecte les Illes Balears.svg
Stad Middelhavet
Koordinatar Koordinatar: 39°58′N 4°05′E
Øygruppe Balearane
Areal 694,39 km² km²
Høgaste punkt Monte Toro (358 m moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane
Største busetnad Mahon (27 468 innb.)
Demografi
Folketal 88 434 (2006)
Folketettleik 127,4 /km²

Menorca (latinsk Balearis Minor, seinare Minorica «den vesle øya») er ei øy i Balearane i Middelhavet høyrer i Spania. Ho har fått namnet sitt frå at ho er mindre enn naboøya Mallorca.

Menorca har om lag 80 000 innbyggjarar. Det høgaste punktet er El Toro eller Monte Toro og er 358 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya er kjend for fleire megalittiske steinmonument som syner at det har vore menneske her særs lenge. Somme av dei tidlegaste kulturane på Menorca var påverka av andre kulturar i Middelhavet, som den minoiske kulturenKreta. Til dømes nytta dei gipsa tømmersøyler som i Knossos.[1]

Mot slutten av punarkrigane auka sjørøveriet i den vestlege delen av Middelhavet. Den romerske republikken erobra Hispania og handelen mellom Den iberiske halvøya og Den italienske halvøya auka. Sjørøvarar tok nytta av den strategiske plasseringa til Balearane og gjekk til åtak på romarane frå både Menorca og Mallorca. Som reaksjon på dette invaderte romarane Menorca. I 121 f.Kr. var begge øyane under romersk kontroll og vart seinare innlemma i provinsen Hispania Citerior.

I 13 f.Kr. omorganiserte keisar Augustus provinssystemet og Balearane vart ein del av provinsen Tarraconensis. Den gamle byen Mago vart gjort om frå ein kartagisk by til ein romarby.[2]

Historisk kart over Menorca av Piri Reis

Vandalar erobra øya på 400-talet. Austromarriket erobra ho tilbake i 534. Etter at maurarane erobra Spania vart Menorca annektert til kalifatet Cordoba i 903 og fekk namnet Manûrqa. I 1231, etter at kristne styrkar gjenerobra Mallorca, vart Menorca ein sjølvstendig islamsk stat, men underordna kong Jakob I av Aragon. Øya vart først styrt av Abû 'Uthmân Sa'îd Hakam al Qurashi (1234–1282) og så av sonen Abû 'Umar ibn Sa'îd (1282–1287). Aragon invaderte øya 17. januar 1287, ført av Alfonso III, og dette vert i dag feire som ein nasjonaldag på Menorca. Dei fleste av dei muslimske innbyggjarane på øya vart gjort til slavar og seld på slavemarknadane på Ibiza, Valencia og Barcelona. Fram til 1344 var øya ein del av Kongedømet Mallorca, som òg var ein vasallstat under Aragon. Dette vart annektert til Aragon og seinare ein del av det samle kongedømet Spania. På 1500-talet øydela den tyrkiske marinen Maó og det som då var hovudstaden, Ciutadella.

Britisk hundreår[endre | endre wikiteksten]

Den britiske marinen erobra øya i 1708 under den spanske arvefølgjekrigen og Menorca vart så britisk. Overføringa til Storbritannia vart stadfesta med Utrecth-traktaten. Under guvernøren General Richard Kane vart hovudstaden på øya flytta til Maó og det vart bygd ein marinebase her. Under sjuårskrigen klarte ikkje ein britisk skvadron å stoppe ei fransk omleiring av Menorca og den 20. mai 1756 vart admiral John Byng dømd for krigsrett og avretta. Denne hendinga, slaget ved Menorca, markerte starten på sjurårskrigen i Europa. Trass i nederlaget heldt britane ut lenge, men garnisonen måtte til slutt kapitulere og fekk vende fritt attande til Storbritannia den 29. juni same året. Paristraktaten av 1756 gjorde likevel at britane fekk halde på Menorca. Under den amerikanske sjølvstendekrigen vart britane slått nok ein gong på Menorca av ein samle fransk-spansk styrke. Dei invaderte øya etter ei lang omleiring av St. Philip's Castle den 5. februar 1782. Meorca vart gjenerobra av britane i 1798 under dei franske revolusjonskrigane, men med Amiens-traktaten vart øya endeleg og permanent avstått til Spania i 1802. Spor av britane er framleis synlege i den lokale arkitekturen.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Under den spanske borgarkrigen var Menorca lojale til republikanarane, medan resten av Balearane støtta nasjonalistane. Det var ingen kamphandlingar på Menorca, bortsett frå nokre luftåtak av italienske luftstyrkar. Etter at nasjonalistane vann i 1939 deltok britane fredeleg i evakueringa av styresmaktene på Menorca.

I oktober 1993 vart Menorca erklært eit biosfærereservat av UNESCO.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Mapa Menorca Municipis.jpg

Dei største byane er Maó og Ciutadella. Øya er administrativt delt inn i desse kommunane:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Minorca» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Burns, Robert I. (1990) «Muslims in the Thirteenth Century Realms of Aragon: Interaction and Reaction»", s.67, In: Powell, J.M. (ed.) Muslims under Latin Rule, 1100–1300, s. 57–102, Princeton University Press. ISBN 0-691-05586-6.
  1. C. Michael Hogan (2007) Knossos fieldnotes, The Modern Antiquarian
  2. Henry Christmas, The Shores og Islands of the Mediterranean, Published 1851, R. Bentley

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Menorca