Partifinansiering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partifinansieringa i Noreg er eit komplisert system, delt opp i fleire ulike ordningar. Størstedelen av pengane blir løyvd over statsbudsjettet, men i tillegg kjem det ulike kommunale og fylkeskommunale ordningar. I 2006 blei det løyvd over 280 millionar kroner til dei politiske partia i Noreg. Attåt den offentlege støtta, får partia i ulik grad pengestøtte frå organisasjonar, firma og privatpersonar.

Sentral stemmestøtte[endre | endre wikiteksten]

Den delen av partistøtten som blir løyvd over statsbudsjettet blir kalla sentral stemmestøtte. Denne støtten går til sentralorganisasjonane, fylkesorganisasjonane og kommuneorganisasjonane til dei politiske partia, og er i hovudsak knytt opp mot stemmetal i sist val. Med endringa av partilova i 2005 er 1/10 av støtta innretta som eit grunnbeløp (grunnstøtte), medan 9/10 av støtta er avhengig av det konkrete valresultatet (stemmestøtte).

Statleg tilskot til den sentrale partiorganisasjonane (partilova § 11)[endre | endre wikiteksten]

Etter partilova § 11 kan alle registrerte politiske parti søkje om stemmestøtte. Denne støtta blir fastsett med eit kronebeløp per stemme oppnådd ved sist stortingsval. I tillegg kan alle parti som har fått meir enn 2,5 prosent av stemmene eller fått minst ein representant inn på stortinget, få grunnstøtte.

For 2006 blir det utbetalt om lag 65 kroner for kvar stemme oppnådd i stortingsvalet (stemmestøtte). I tillegg får dei sju partia som oppfyller kravet til grunnstøtte, om lag 2,7 millonar kroner kvar.

Det er Fornyings- og administrasjonsdepartementet som administrerer denne ordninga.

Statleg tilskot til fylkespartia (partilova § 12)[endre | endre wikiteksten]

Etter partilova § 12 kan alle registrerte politiske parti søkje om stemmestøtte frå Fylkesmannen. Denne støtta blir fastsett med eit kronebeløp for kvar stemme oppnådd ved sist fylkestingsval. Tilliks med den statlege ordninga, kan parti som oppfyller krava om grunnstøtte, få dette. Krava for å få grunnstøtte er at partiet fekk minst 4,0 prosent av stemmene eller fekk minst ein representant inn i fylkestinget.

For 2006 blir det utbetalt 26,11 kroner per stemme i stemmestøtte etter kor mange stemmer partiet fekk i sist fylkestingsval. I tillegg får partia som oppfyller krava til dette, 37 120 kroner i grunnstøtte.

Denne ordninga blir administrert av Fylkesmannen i kvart enkelt fylke.

Statleg tilskot til kommunepartia (partilova § 13)[endre | endre wikiteksten]

Etter partilova § 13 kan alle registrerte politiske parti søkje om stemmestøtte. For støtta til kommuneparti gjeld dei same reglane som for støtte til fylkesparti.

For 2006 blir det utbetalt 12,37 kroner for kvar stemme oppnådd i sist kommuneval. I tillegg får partia som oppfyller krava til dette, grunnstøtte. I 2006 er grunnstøtta 1140,60 kroner.

Støtte til ungdomsorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane får også støtte gjennom stemmestøtteordninga. Delvis er dette grunngjort med at desse organisasjonane ikkje får støtte frå andre sentrale ordningar slik andre ungdomsorganisasjonar får.

Støtta til dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane er kanalisert gjennom to ordningar. Fylkesungdomsorganisasjonane til partia som har krav på stemmestøtte, kan søkje Fylkesmannen om dette. I samband med førehavinga av revidert nasjonalbudsjett våren 2006, blei denne støtta kraftig styrkt. Støtta til ungdomsorganisasjonen i fylket er no kroner 8,70 per stemme ved sist fylkestingsval, mot kroner 1,50 tidlegare.

Støtta til dei sentrale ungdomsorganisasjonane blir fordelt gjennom eit beløp per stemme ved sist stortingsval. I 2006 utgjer denne støtta om lag 2,2 kroner for kvar stemme.

I 2006 førehava Partilovnemnda ei klage frå Raud Ungdom om krava for tildeling av støtte til ungdomsorganisasjon. Spørsmålet var ein motstrid mellom forarbeida til lova, der det var lagt til grunn at berre ungdomsorganisasjonar der morpartiet oppfylla kravet til grunnstøtte, skulle få støtte, og sjølve lova, der det står at alle som ungdomsorganisasjonar der morpartiet får stemmestøtte, skal få støtte. Partilovnemnda konkluderte med at intensjonen var at berre ungdomsorganisasjonar der morpartiet hadde rett til grunnstøtte skulle få stemmestøtte, men at omsynet til demokratiet måtte få størst vekt. Partilovnemnda avgjorde at Raud Ungdom, og andre partipolitiske ungdomsorganisasjonar, kunne få stemmestøtte utan omsyn til om morpartiet fekk grunnstøtte.[1]

Andre støtteordningar[endre | endre wikiteksten]

Alle parti som er representerte i kommunestyre eller fylkesting, har etter kommunelova rett til gruppe- og representantstøtte. Denne støtta var tidlegare løyvd over same post på statsbudsjettet som den sentrale stemmestøtta, men er no (2006) overført til rammeløyvingane til kommunesektoren. Storleiken på støtta varierer. Nokre av dei større kommunane, som Oslo og Bergen, betaler også løn til gruppeleiarar o.l. over kommunen sitt budsjett.

I tillegg får kvar representant møtegodtgjersle og gjodtgjersle for tapt arbeidsforteneste.

Pengestøtte frå andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Attåt den offentlege støtta, får partia pengestøtte i ulik grad frå organisasjonar, firma og privatpersonar. Gåver over ein viss storleik må no meldast og offentleggjerast,og det viser seg at dei borgarlege partia Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet får mest frå det private næringslivet, medan Arbeidarpartiet får mest frå LO og LO-forbunda. SV får òg noko støtte frå delar fagrørsla. Fullstendig oversyn finn du her på partifinansiering.no

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Partilovnemndas vedtak om sentral stemmesøtte til Raud Ungdom (.doc)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]