Pascale Baudonnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pascale Baudonnel
Fødd 1960
Frankrike
Yrke bonde

Pascale Baudonnel (fødd 1960 i Frankrike) er ein fransk-norsk ystar og bonde som har vunne fleire prisar for produkta sine og for arbeidet med tradisjonar.

Sør-Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Baudonnel voks opp i fjella i Sør-Frankrike, i heimlandet til roquefort-sauane. Jordbrukskollektivet ho budde på var basert på Gandhis ikkje-valdslære. Baudonnel flytta til Noreg som 17-åring i 1977 og gjekk to år på folkehøgskule, først eitt år i Rauland for å lære seg husflid og etter det på Fosen Folkehøgskule.[1] I 1994 flytta Baudonnel tilbake til Frankrike med to små born og fullførte ei toårig utdanning innan ysteteknolog på eitt år ved franske ENILIA (École Nationale d'Industrie Laitière et des Industries Agroalimentaires) i Surgères.[1]

Undredal[endre | endre wikiteksten]

I 1983 flytta Baudonnel til bygda Undredal i Aurland kommune, og her vart ho buande. Ho har sjølv sagt at hennar kall i livet var å ta vare på den gamle budeiekulturen i Noreg, og ho har lært seg dei gamle norske ystetradisjonane. Baudonnel har jobba ved Ivar-Bjarne Undredal si familiebedrift og seinare i bygdesameiget Undredal Stølsysteri som lagar brimost og kvitost av geitemjølk. Dette produktet vart som første i Noreg erklært utryddingstruga av den internasjonale rørsla Slow Food (Presidium).[2][3]

Upasteurisert ost[endre | endre wikiteksten]

Baudonnel ville produsere ostar av upasteurisert mjølk, noko dei norske styresmaktene ved Mattilsynet hadde strenge reglar mot. Desse reglane vart innført på 1930-talet då ein skulle varmebehandle mjølk både av omsyn til dyrehelse og folkehelse. Grunnen til det er at det er bakteriar i upasteurisert mjølk. Men det er også den naturlege bakteriefloraen som set smak og særpreg på osten. Ysting med upasteurisert mjølk er den tradisjonelle måten å lage ost på. For å stå sterkare i kampen mot styresmaktene slo Baudonnel seg saman med andre små, uavhengige gardsystarar og danna foreininga Norsk Gardsost.[4]

I 1994 kom EØS-avtalen, som oppheva det norske forbodet mot å lage ost frå upasteurisert mjølk. Men det skulle gå ni år til før Undredals-ystarane fekk autorisasjon til å produsere og selje ost frå rå geitemjølk. Etter 13 år med kjemping fekk Baudonnel sitt ysteri autorisasjon i 2003.[5]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bunad[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vere geitebonde har Baudonnel engasjert seg i produksjon av sognebunadar. Ho var den første som rekonstruerte kvinnebunaden i Sogn etter Bunad- og folkedraktrådet sine retningslinjer.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]