Pathumwan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pathumwan
distrikt
Pathumwan rd and Siam area.jpg
Pathumwan-vegen og Siam-strøket
Land Flag of Thailand.svg Thailand
By Bangkok

Pathumwan
13°44′12″ N 100°31′24″ E
Wikimedia Commons: Khet Pathum Wan

Pathumwan eller Pathum Wan er eit distrikt i Bangkok i Thailand. Folkesetnaden er 52 613 i 2013.

Lumpini-parken (สวนลุมพินี)

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Siam-strøket i Bangkok.
Aulaen til Chulalongkon Mahawitthayalai ('Chulangkon-universitetet') vart bygd i 1937–1938.

Kong Mongkut, som herska frå 1851–1868, gav ordre om å bygge eit lite lystslott på staden. Dette var Pathumwan-slottet eller 'Lotus-slottet'. Han fekk også bygd buddhisttempelet Wat Pathum Wanaram like ved.[1]

Sra Pathum-slottet ('Lotusdamslottet') vart bygt ferdig i 1916, på tomta til Prins Mahidol Adulyadej. [1]

Siam Center-kjøpesenteret opna i 1973, og er det eldste i området.

Ein av Thailand sine første radiokringkasting-stasjonar, «Saladaeng Station», låg på hjørnet av Witthayu-vegen (kjend som «Wireless Road») og Rama 4-vegen.[2]

Lumphini-stadionet har flytta sin verksemd, thaiboksing, frå stadionet på Rama 4-vegen, og stadionet hadde sin siste kamp der i 2014.[3]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

CentralWorld-kjøpesenteret

Distriktet har ei rekkje kjøpesenter, Siam Center, Siam Paragon, MBK Center kjend som mah boon krong, Bonanza Mall, CentralWorld (tidlegare World Trade Center), BigC Ratchadamri, Narayana Phan, Gaysorn, Central Chit Lom og Siam Discovery Center.

«Krongods-kontoret» (samnak ngan sap sin phra maha kasat) eig tomta til ei utbyggjing på 0,16 kvadratkilometer som starta i 2018.[4][5]

Administrasjonseininger[endre | endre wikiteksten]

Pathumwan-distriktet og kringliggande område

Underdistrikta (khwaeng) er

1. Rong Mueang รองเมือง
2. Wang Mai วังใหม่
3. Pathum Wan-underdistriktet ปทุมวัน
4. Lumpini eller Lumphini ลุมพินี

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 2bangkok.com:Bangkok's Crucible of Construction Arkivert 2005-11-18 ved Wayback Machine.
  2. Naenna, Oranee (2002). นามนี้มีที่มา [These names have origins] (på thai). Bangkok: Praphansan. s. 60–61. ISBN 9789742308483. 
  3. «Last Ever Show At Old Lumpinee Stadium 8th February 2014» (Video). YouTube. Henta 8. mai 2014. 
  4. One Bangkok's intricate launch strategy. Bangkok Post. Vitja 25. juli 2020
  5. The $3.5 Billion Development Set To Rule Bangkok. Forbes.com. Vitja 25. juli 2020