Pattedyrliknande krypdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pattedyrliknande krypdyr
Synapsidefossil
Synapsidefossil
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyrliknande krypdyr Synapsida
Underklasse: Pattedyrliknande krypdyr Dipnotetrapodomorpha
Osborn, 1903
Hovudskallen til Edaphosaurus, ein synapside frå perm.

Pattedyrliknande krypdyr eller synapsidar er namnet på den gruppa av krypdyr som pattedyra stammar frå. Det vitskaplege namnet Synapsida viser til at hovudskallen er «synapsid», med ei enkel opning i skalletaket bak kvart auge. I fylogenetisk forstand inkluderer gruppa både pattedyra og forfedrane deira, men i paleontologien brukar ein vanlegvis omgrepet om den delen av gruppa som ikkje er pattedyr. Systematikken (til høgre) gjeld for gruppa i vid forstand, inkludert pattedyr.

Grupper[endre | endre wikiteksten]

Synapsidene oppstod i karbon, og stammar frå dei primitive urreptilane captorhinidane. Synapsidane blir ofte delte inn i tre grupper:

Med unntak av pattedyra er dette ikkje fullstendige systematiske einingar, men representerer utviklingstrinn (gradar).

Hovudskalle med ekstra opningar[endre | endre wikiteksten]

Synapsidane har eit hol bak kvar augeopning. Forkortingar: p = pannebeinet, po = postorbitalknokkelen, j = kinnbeinet (jugale), qj = quadratojugale (sammenvokst med bakhovudbeinet hos pattedyr) og q = quadratum, (stigbøyelen hos pattedyr).

Dei første pattedyrliknande krypdyra[endre | endre wikiteksten]

Dei pattedyrliknande krypdyra oppstod i karbontida, og stammar frå dei primitive reptila captorinidane. Dei fleste reptila i denne perioden var relativt små med låge, flate hovudskaller. Dei første pattedyrliknende krypdyra var derimot ganske store rovdyr med stor og smal hovudskalle. Hovudskallen er kjenneteikna av at skalletaket har ei opning bak kvart auge (mellom postorbitalknoklen, kinnbeinet (jugale) og tinningbeinet (squamosum). Denne forma for hovudskalle blir kalla «synapsid», i motsetnad til anapsid, slik som hovudskallen til primitive reptil og skjelpadder som har tyggemuskelen gøymd under eit massivt skalletak.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Kjevemusklane hjå alle synapsider er feste langs den øvste kanten av opninga. Opningane tillét musklane å røra seg, slik at det er plass til meir musklar. Dette gav eit kraftigare bit enn hjå anapsidane, der ein slik opning manglar. Truleg var dette ein tilpassing hjå dei tidlege synapsidene til å kunna jakta på større byttedyr. Omtrent samstundes fann det stad ei parallell utvikling hjå diapsidane, der skalletaket har to opningar bak auget på kvar side. Denne opninga gjekk heilt inn til hjernen hjå primitive og avanserte pattedyrliknande krypdyr (høvesvis pelycosaurar og therapsidar), men hjå pattedyr er opninga dekt av kilebeinet og knoklane rundt, slik at tyggemuskelen blir liggjande utanpå hovudskallen (men under kinnbogen).

Opninga i hovudskallen ligg mellom kinnbeinet (jugale), bakhovudbeina (quadratojugale) og tinningbeinet (squamosum). Mellom opninga og auget låg postorbitalknoklen (postorbitale) hjå primitive former, hjå pattedyr er denne knokkelen forsvunnen og opninga gått saman med augehòla. Hjå nokre pattedyr, som menneske og hest, har skiljet mellom opninga og augehòla blitt lukka av utløparar frå pannebeinet, kinnbogen og kilebeinet.

Hoggtenner[endre | endre wikiteksten]

Eothyris hadde lange hoggtenner på sidene.

Allereie dei aller tidlegaste pattedyrliknande krypdyra hadde ein tendens til at nokre av tennene framme og på sida i overkjeven var kraftigare og lengre enn dei andre. Hjå andre reptil er alle tennene omtrent like store. Hos dei primitive pelycosaurane kunne det vera både to og tre slike hoggtenner på kvar side i overkjeven, men hjå dei meir avanserte therapsidane og pattedyra blei desse tennene meir spesialiserte og reduserte til eit enkelt par med hjørnetenner.

Hjå dei meir avanserte therapsidane utvikla det seg tilsvarande hoggtenner i underkjeven, slik som hjå nolevande pattedyr.

Kroppsbygnad[endre | endre wikiteksten]

Ophiacodon, eit tidleg pattedyrliknande krypdyr
Dimetrodon, ein pelycosaur frå midten av perm
Inostrancevia, ein therapside frå slutten av perm
Oligokyphus, ein therapside frå jura

Dei meir primitive pattedyrliknande krypdyra hadde sprikande bein og ein lang kropp, slik ein finn hjå dei fleste krypdyr. For ein moderne observatør ville dei teke seg ut som ein storhodet varan, og økologien var sannsynlegvis tilsvarande det vi finn hos varaner. I perm var dei pattedyrliknende krypdyra den dominerande livsformen, med stor variasjon i storleik og bygning. Den mest kjende av desse er ’’Dimetrodon’’ med det karakteristiske seilet over ryggen. Fleire grupper utvikla slike segl som truleg tente ein funksjon i temperaturregulering.

I løpet av perm utvikla therapsidane seg frå rovpelycosaurar. Therapsidane hadde beina meir innunder kroppen, og dei meir avanserte formene hadde verhår, og nokre av dei minste kan ha hatt pels. Therapsidane hadde si stordomstid i slutten av perm og byrjinga av trias, men blei etter kvart utkonkurrerte av dinosaurane. Therapsidane utvikla små, nattlevande formar, og frå desse utvikla pattedyra seg i i slutten av jura.

Dei første pattedyra[endre | endre wikiteksten]

Det formelle skiljet mellom pattedyr og eldre pattedyrliknande krypdyr går verken på pels eller varmblodigheit, men på øyreknoklane. Hjå pattedyr har det gamle kjeveleddet hjå amfibium og krypdyr, quadrate i overkjeven og angulare i underkjeven, ikkje lenger kontakt med kjeven, men utgjer dei små øyrebeina hammaren og ambolten. Dette gjer at pattedyra er den gruppa av tetrapodar som høyrer best, og er truleg eit resultat av tilpassing til eit liv i mørke.

Mellomørebeina er små og skjøre knoklar, og det er sjeldan så fine strukturar finst tekne vare på som fossil. Nøyaktig kvar grensa går mellom pattedyr og forfedrane deira blir i nokon grad eit tolkingsspørsmål, og ein del av fossila har gjennom historia gått gjennom stadige reklassefiseringar. Andre pattedyrtrekk som pels, verhår og truleg mjølk var tilstades hjå dei meir avanserte therapsidane som Thrinaxodon og Oligokyphus.

Etterkommarar[endre | endre wikiteksten]

Synapsida

Caseasauria Ennatosaurus BW.jpg


Eupelycosauria

Varanopseidae Varanops brevirostris.jpg




Ophiacodontidae Archaeothyris BW.jpg




Edaphosauridae Ianthasaurus BW.jpg


Sphenacodontia

Sphenacodontidae Palaeohatteria DB.jpg


Therapsida
Biarmosuchia

Eotitanosuchus



Eutherapsida

Dinocephalia Struthiocephalus DB.jpg


Neotherapsida

Anomodontia Eodicynodon BW.jpg


Theriodontia

Gorgonopsia Gorgonops whaitsii1.jpg


Eutheriodontia

Therocephalia Moschorhinus DB.jpg


Cynodontia


Dvinia



ProcynosuchidaeProcynosuchus BW.jpg



Epicynodontia

Thrinaxodon Thrinaxodon BW.jpg


Eucynodontia

Cynognathus Cynognathus BW.jpg














Fylogeni[endre | endre wikiteksten]

Dette kladogrammet illustrerer fylogenien (familietreet) til amniotane. Det viser at sauropsidar og synapsidar (pattedyrliknande krypdyr) er systergrupper. Det er ein enkel versjon av slektstilhøva Laurin & Reisz skildra i 1995.[1] Kladogrammet følgjer gruppene som definert av Gauthier i 1988.[2]

Amniota   

Synapsida


   Sauropsida   

Mesosauridae


   Reptilia   
   Parareptilia   

Millerettidae


ikke navngitt

Pareiasauria


ikkje namngjeven

Procolophonoidea



Testudines (skjelpadder, landskjelpadder og diamantskjelpadder)





   Eureptilia   

Captorhinidae


   Romeriida   

Protorothyrididae *



Diapsida (firfisler, slangar, krokodillar, fuglar m.m.)







Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Laurin, M. and Reisz, R.R. (1995). "A reevaluation of early amniote phylogeny." Zoological Journal of the Linnean Society, 113: 165-223.
  2. Gauthier, J., Kluge, A.G. and Rowe, T. (1988). "The early evolution of the Amniota." Pp. 103-155 in Benton, M.J. (ed.), The phylogeny and classification of the tetrapods, Volume 1: amphibians, reptiles, birds. Oxford: Clarendon Press