Paul Kariya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Kariya

Paul Tetsuhiko Kariya (fødd 16. oktober 1974) er ein kanadisk tidlegare ishockeyspelar frå Vancouver. Han vart verdsmeister 1994 og olympisk meister 2002 for Canada. Kariya var ein flink vengspelar med stor fart på skeisene.

Kariya var framleis amatør då han deltok i Vinter-OL 1994Lillehammer, ei turnering der Canada tapte finalen mot Sverige gjennom straffeslagstevling. Kariya si andre straffe vart stoppa av den svenske målvakta, dermed avgjorde Peter Forsberg gullstriden til Sveriges fordel med å sette inn si andre straffe. Seinare i OL-sesongen vann Kariya og Canada VM-finalen 1994 mot Finland, også i den kampen måtte straffeslagstevling til for å kåre ein vinnar. To år seinare var Kariya med då Canada fekk sølv i verdsmeisterskapen i Wien, Tsjekkia sigra med 4-2. Høgdepunktet for Kariya kom då han vann OL-gull for Canada under dei olympiske vinterleikane 2002 i Salt Lake City, der han i finalen skåra lagets fyrste mål i ein kamp som enda med 5-2 over arrangørlandet USA.

Kariya var aktiv i National Hockey League (NHL) frå 1994 til 2010. Fram til 2003 gjorde han teneste i Mighty Ducks of Anaheim, siste sju sesongane som kaptein. I par med finske Teemu Selänne danna han ein særs målfarleg duo. Tida hans med Anaheim enda med ein tapt Stanley Cup-finale i 2003, då New Jersey Devils sigra med 4-3 i kampar. Etter ein sesong i Colorado Avalanche, spelte Kariya 2005-07 med Nashville Predators og 2007-10 med St. Louis Blues. Han la opp grunna hovudskade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]