Pave Gregor III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pave Gregor III
Gregorius III.png
FøddSyria i antikken
Død28. november 741 (juliansk)
Roma
Føregangar:Gregor II
Etterfylgjar:Zacharias
Gregor III – Pavemedalje frå 700-talet – avers
Revers

Gregor III (d. 28. november 741) var pave frå 18. mars 731 til han døydde ti år seinare. Han er rekna som helgen i den katolske kyrkja, med festdag den 28. november.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gregor var fødd i Syria som son av ein mann somheitte Johannes. Han var i slekt med etterfølgjaren sin, Zacharias. Det kan tenkast at dei hadde innvandra til Roma etter dei arabiske erobringane av blant anna heimlandet deira. Gregor meistra både latin og gresk.

Munk og kardinal[endre | endre wikiteksten]

To khelder hevdar at Gregor blei munk i benediktinarordenen. Han var særleg knytt til helgenen Chrysogonus. Som kardinalprest var San Crisogono-basilikaen tittelkyrkjahans.[1][2]

Pave[endre | endre wikiteksten]

Gregor blei vald til pave av romarane ved akklamasjon i gravprosesjonen til forgjengaren sin. Han blei ikkje innvigd som pave før over ein månad seinare, muligens fordi han venta på anerkjenning frå eksarken i Ravenna.

Som syrar[3] var han dermed den femte syriske paven og den tiande paven som var fødd utanfor Europa. Dermed var han den siste ikkje-europeiske paven fram til pave Frans, som blei vald i 2013 - 1 272 år etter.

Grergo søkte på alle vis å gå i fotspora til forgjengaren. Han kom til å ha eit særs vanskeleg pontifikat, framfor alt på grunn av forholda i aust. Han prøvde å få til eit betre forhold til Det bysantinske riket, uten å gje opp Gregor II sitt standpunkt i biletstriden. Desse interessene viste seg til tider å vera motstridande. Han heldt to kyrkjemøte i Roma i år 731 der han fordømte biletstormarane, men keisar Leo III stilte seg avvisande til alle oppfordringane hans, og endra ikkje si eiga meining. Etter at paven deretter ekskommuniserte keisaren, blei alle bispedøma i Sicilia, Sør-Italia og Illyria overført av keisaren til patriarkatet i Konstantinopel. Pave Gregor braut då kontakten med Bysants i protest.

Pave Gregor III tok også opp forgjengaren sin strid mot langobardane, og prøvde forgjeves å få Karl Martell til å utføra ei væpna inngriping. Pave Gregor opprettheldt også forgjengaren sitt samband med Bonifatius, og utnemnde han både til erkebiskop i 732, og til paveleg legat for Germania i 738. Dessutan fekk han Bonifatius med på å gje opp vidare misjonsplanar, for å heller ta tak i organisasjonen av kyrkja i Bayern og Schwaben. Gregor søkte også å oppretta samband med den engelske kyrkja.

I 732 la pave Gregor III ned forbod mot å eta hestekjøt.[4] Grunnlaget var at inntak av hestekjøt visstnok blei praktisert i samband med hedensk kult.

Han er gravlagd i Peterskyrkja.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. The cardinals.
  2. Levillain, s. 643.
  3. «The Cardinals of the Holy Roman Church». Henta 15. mars 2013. 
  4. "Gregori 3.(...) und verbot den neuen Christen im Teutschland den rohen Speck von Roßfleisch zu essen / als ein grobs / wilds / viehisches Haydenhandwerk. Fra: Johannes Nas (1534–1590): Concordia Alter unnd newer, guter, auch böser Glaubens strittiger lehren, verglichne beschreibung. 1583.
  • Eamon Duffy: Saints and sinners: A history of the popes, New Haven, Conn., Yale University Press, 2006 (ISBN 9780300115970)
  • Philippe Levillain: The papacy : Gaius-Proxies, New York, Routledge, 2002 (ISBN 9780415922302)
  • Horace K. Mann: The lives of the popes in the early Middle Ages, vol. I : The popes under the Lombard rule, Part 2, 657–795, 1914, 203–224 p.
  • Frédéric J. Simoons: Eat not this flesh, Food avoidances from Prehistory to Present, University of Wisconsin Press, 1994, 550 p. ISBN 978-0-299-14254-4.
  • Warren Treadgold: A history of the Byzantine state and society, Stanford, California, Stanford University Press, 1997 (ISBN 0804726302)
  • Gregorius 3. G. III i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1909)
  • Catholic Encyclopedia, Volume VI. (1909)