Pave Gregor IV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pave Gregor IV
Greg4papa.jpg
Fødd790 (juliansk)
Roma
Død25. januar 844 (juliansk)
Roma
Føregangar:Valentin
Etterfylgjar:Sergius II

Gregor IV (d. 25. januar 844) var pave frå slutten av år 827 til han døydde i 844.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Pave Gregor IV (midten) tek imot boka Liber de laudibus Sanctae Crucis frå Rabanus Maurus. Framstilling frå Codex Vindoboniensis, ca 831–840.
St. Markus-basilikaen i Roma, med bysantinske mosaikkar som blei kommisjonerte av Gregor

Gregor var fødd i Roma og var av fornem romersk byrd. Far hans heitte Johannes. Før han blei pave var Gregog kardinalprest av Sankt Markuskiyrkja, som han lét smykka med mosaikkar. Han blei prestevigd av pave Paschalis I.

Pave[endre | endre wikiteksten]

Då Gregor blei vald til pave i 827 ville han først ikkje akseptera utnemninga, fordi han rekna seg som uverdig. Pavevalet kan ha vore eit av de første der den sekulære romerske adelen hadde reell makt ved valet av pave, noko som skulle fortsetja i lang tid framover.

I byrjinga av pontifikatet var Gregor sterkt avhengig av støtte frå den frankiske kongemakta, og opptredde seinare på oppmoding av kong Lothar I som meklar mellom den tysk-romerske keisaren Ludvig den fromme og sønene hans, utan å lukkast. Konflikten oppstod først og fremst ved det at Ludvig prøvde å tilerkjenna Karl herskarmakta over Pippin sitt område Aquitania; dette førte i 833 til at dei tre eldste sønene gjorde opprør. Pave Gregor reiste over Alpane og prøvde forgjeves å få i stand ei minneleg løysing. I slutten av juli 833 stod hærane til dei ulike partane oppstilt mot kvarandre på Rothfeld ved Colmar, men utan at det kom til kamp. Pave Gregor IV førte keisaren ut av leiren til sin hær for å forhandla med sønene, som på si side samtidig klarte å vinna over den eine etter andre av keisaren sine støttespelarar til si side. Lothar I, den eldste sonen til Ludvig, klarte å vinna over paven sjølv. Ludvig blei avsett, og paven fortstod til slutt at han var blitt brukt som ein marionett.

Gregor utnemnde Ansgar til erkebiskop i 832 og paveleg legat i det nordlege og austlege Europa. Erkebiskop Ansgar drog så til Skandinavia, og dette representerte byrjinga på romerske misjonsverksemd i dei nordiske land. Ansgar er blitt kjend som «Nordens apostel». Han verka i Danmark og Sverige, men ikkje i Noreg.

Paven sende palliumet til erkebiskopssetene i Salzburg, Canterbury og Grado. For å blidgjera Ludvig utdanna han prestar i musikk i Roma. Pave Gregor utferdiga ei bestemming til Ludvig om å feira allehelgensdag i heile riket.

Pave Gregor blei gravlagd i Peterskyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pave Gregor IV