Peder Juell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Juell
Fødd 4. desember 1769
Vang
Død

19. februar 1839
Sørum

Yrke prest, politikar

Peder Willumsen Juell (4. desember 176919. februar 1839) var ein prest og stortingsmann frå Vang i Hedmark. Ole Juell var bror hans.

Juell var son til ein sorenskrivar. Han vart cand. theol. i 1794 og deretter pers. kapellan i Stange året etter. Han var prest på Christiania tukthus frå 1798, i 1801 residerande kapellan i Aker. Sokneprest i Sørum frå 1813 til han døydde, også prost i Nedre Romerike 1820-38.

Juell var 3. representant frå Akershus amtStortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han medlem av åtte komitear. Han var formann i fire av komiteane; komiteen om uekte born og fråskilde kvinner, komiteen om løna til geistlege embetsmenn, om løna til skulehaldarane, og om Tromsø seminar og alllmugeskulestellet.

Tildelt borgardådsmedaljen.

Juell døydde i Sørum i 1839.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]