Hopp til innhald

Ole Juell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Juell
StatsborgarskapNoreg
Fødd8. mars 1767
Stange kommune
Død

15. mai 1832 (65 år)
Seljord kommune

Yrkesorenskrivar, politikar
Språknorsk

Ole Juell (8. mars 176715. mai 1832) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Daniel Bremer Juell var sonen hans.

Juell var fødd i Stange, der far hans var sorenskrivar. Han var i 1797 regimentskvartermeister og auditør i Christiania. I 1801 vart han sorenskrivar i Øvre Telemark, budde på garden Bjørge i Seljord til han døydde.

I 1818 representerte Juell Bratsberg amtStortinget. Han var formann i ein og sekretær i to av dei elleve komiteane han var medlem av. Formann i komiteen om lausgjengarlova og konventikkelplakaten av 1754, sekretær i komiteen om Kongsberg sølvverk. Elles var han medlem av Lagtinget, der han var sekretær.

Juell døydde i Seljord i 1832.