Peder Olssøn Nordmand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Olssøn Nordmand (d. 1. november 1676) var ein norsk kjøpmann og offiser.

Han var fødd kring 1615 i Idd, der faren var sokneprest. Peder slo seg ned i Halden der han dreiv handel. Då Tønne Huitfeldt i 1658 vart lens-mann for Idd og Marker, men samstundes i Danmark oppteken med å krige mot svenskekongen Karl X Gustav, vart Peder av statthaldar Niels Trolle utpeikt til fullmektig lens-mann.

Som lens-mann like ved svenskegrensa førebudde Peder og svogeren, tollaren Mathias Bjørn, tiltak for å slå tilbake det svenske angrepet på Halden den 14. september 1658. Peder var elles major ved det Smålenske Landdragonregiment. Han deltok såleis i stridar mot svenske angriparar også i 1659 og 1660. Under Gyldenløvefeiden i 1675 vart han forfremja til oberstløytnant.

På dagen eitt år etter Peder døydde, gav Mette Meng, enkja hans, etter hans eige ynskje, gods til gagn for fattigstellet i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]