Per J. Husabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per J. Husabø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1928
Død

3. mars 2012 (83 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Per Johnsson Husabø (6. mai 19283. mars 2012) var ein norsk sivilagronom og politikar frå Leikanger i Sogn. Han representerte Sogn og Fjordane og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1977 til -85.

Husabø var son til ein gardbrukar. Han gjekk 1950/51 Fruktdyrkingskulen på Hjeltnes i Ulvik. Der etter tok han artiumskurs på Hamar i 1952. Frå 1954 til -57 studerte han hagebruk ved Noregs landbrukshøgskule og vart sivilagronom. Perioden 1957-65 arbeidde han ved Institutt for fruktdyrking på NLH, sist som amanuensis, og dessutan eitt år ved Statens forsøgsstation Blangstedgaard i Danmark. Frå 1965 til 1992 var han tilsett på Statens forskningsstasjon Njøs i Leikanger, som forsøksleiar 1966-77 og forskar 1986-92.

Husabø var medlem i Leikanger kommunestyre 1968-75 og styreformann i Leikanger kommunale elektrisitetsverk 1975-77. Ved stortingsvalet 1977 vart han vald til stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, attvald 1981. I den fyrste fireårsbolken var han medlem i Landbrukskomiteen, medan han 1981-85 var nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]