Per Olov Enquist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Olov Enquist

Statsborgarskap Sverige
Fødd 23. september 1934
Skellefteå, Hjoggböle
Død

25. april 2020 (85 år)
Vaxholm

Yrke manusforfattar, omsetjar, journalist, skodespelforfattar, science fiction-forfattar, regissør, barnebokforfattar, skribent, kritikar, filmmanuskriptforfatter, TV-forfatter, litteraturkritikar
Medlem av Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Akademie der Künste Berlin, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Far Per Elof Enqvist
Mor Maria Albertina Enqvist
Ektefelle Gunilla Thorgren, Lone Bastholm
Per Olov Enquist på Commons
Video av Enquist i 2012

Per Olov Enquist eller P.O. Enquist (23. september 193425. april 2020) var ein svensk forfattar og dramatikar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Enquist voks opp i Västerbotten. Mor hans, Maja Lindgren (1903-1992), var lærar på folkeskulen. Faren, Elof Enqvist (1903-1935), døydde før P.O. Enquist var fylt eit år.[1][2]

I midten av 1950-åra dreiv Enquist med friidrett. Han var ein av dei beste i Sverige i høgdehopp, med ein personleg rekord på 1,98. Etter studiar ved Uppsala universitet, arbeidde Enquist som kritikar i avisene Svenska Dagbladet og Expressen sine kulturavdelingar. Enquist var stadig på reise, budde i København, Vest-Berlin og kom i 1973 til Los Angeles som professor ved universitetet UCLA. I lange periodar var Enquist busett i København og i Tyskland.

Enquist var gift tre gonger. I det fyrste ekteskapet fekk han saman med Margareta Ersson ein son og ei dotter. I 1980 gifta han seg med den danske forfattaren Lone Bastholm. Til sist var Enquist gift med Gunilla Thorgren,[3] tidlegare statssekretær ved det svenske kulturdepartementet. Paret budde i Vaxholm nord for Stockholm.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Enquist debuterte med romanen Kristallögat i 1961. Gjennombrotet kom i 1964 med Magnetisörens femte vinter. I 1964 skreiv han under pseudonymet Peter Husberg saman med Leif Nylén og Torsten Ekbom romanen Bröderna Casey. Ellers har Enquist alltid skrive åleine, i eige namn.

Det internasjonale gjennombrot kom med dokumentarromanen Legionärerna. Han vart omsett til ei rekkje språk og Johan Bergenstråhle laga etter boka filmen Baltutlämningen. Enquist har òg skrive manus for film- og fjernsynsproduksjonar til dømes Strindberg, Ett liv og filmane Il Capitano og Hamsun. Som dramatikar er Enquist mellom anna kjend for skodespela I lodjurets timma og Tribadernas natt. Han har arbeidd saman med regissør Ingmar Bergman på nasjonalscenen Dramaten.

Eit tema Enquist vende attende til, var tilhøvet mellom fiksjon og fakta, fantasien og røynda. Han nytta friskt historiske hendingar og personar i forteljingane sine (Legionärerna, Hess, Lewis resa, Blanche och Marie.) Enquist har synt stor interesse for politiet si etterforsking etter drapet på den svenske statsministeren Olof Palme, båe gjennom avisartiklar og som tema i boka Kartritarna.

Per Olov Enquist har hatt høge salstal ikkje berre i Sverige men òg i Frankrike og Tyskland. Han har vorte tildelt fleire litterære prisar. I 2008 kom sjølvbiografien Ett annat liv som vart lønt med Augustpriset. Det var andre gongen Enquist nett denne litteraturprisen, ein av dei gjævaste i Sverige; fyrste gong var for Livläkarens besök i 1999.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 - Magnetisörens femte vinter
  • 1964 - Bröderna Casey
  • 1966 - Hess
  • 1968 - Legionärerna
  • 1971 - Sekonden
  • 1972 - Katedralen i München
  • 1978 - Musikanternas uttåg
  • 1981 - Från regnormarnas liv
  • 1985 - Nedstörtad ängel
  • 1991 - Kapten Nemos bibliotek
  • 1992 - Kartritarna
  • 1999 - Livläkarens besök
  • 2001 - Lewis resa
  • 2004 - Boken om Blanche och Marie
  • 2008 - Ett annat liv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]