Peter Christian Boye
Peter Christian Boye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1790 Kongsberg kommune |
Død | |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Engelbreth Boye |
Peter Christian Boye (4. mars 1790–23. juli 1880) var ein prest, gardbrukar og stortingsmann frå Kongsberg. Mathias Boye var ein yngre bror.
Boye var fødd på Kongsberg, som son av ein rektor. Han voks dels opp i Trondheim, og var, etter han vart cand. theol. i 1813, adjunkt i byen i tre år. Deretter var han sju år residerande kapellan i Støren. Sokneprest i Sør-Aurdal 1823-29, og Overhalla 1829-35. Frå 1835 til 1859 var han sokneprest i Jevnaker, i tida 1838-51 også prost i Ringerike og Hallingdal.
Boye var 1. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1836, og på overordentleg storting 1836-37. Han var i 1836 medlem av kyrkjekomiteen og i 1836-37 av næringskomiteen.
I 1859 tok Boye avskjed frå presteembetet. Han busette seg då på garden Hofstad i Asker og dreiv denne. Der døydde han i 1880.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peter Christian Boye NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv