Hopp til innhald

Peter McParland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter McParland


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. april 1934 (90 år)
Newry
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1958
Utmerkingar medlem av Den britiske imperieordenen

Peter James McParland (fødd 25. april 1934) er ein nordirsk tidlegare fotballspelar frå Newry. Han var i 10 år ein kraftfull midtspiss på Aston Villa og som særleg utmerkte seg med sitt hovudspel.

McParland spelte på Dundalk frå 1951. I 1952 vart han overført til engelske Aston Villa. Gjennom ti sesongar var han med i 293 ligakampar og skåra 98 ligamål. Høgdepunktet kom i FA-cupfinalen 1957 der McParland skåra begge måla då Aston Villa slo Manchester United 2–1. Etter 1962 tente han ein sesong i Wolverhampton Wanderers og ein annan i Plymouth Argyle.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

McParland skåra begge Nord-Irland-måla i landslagdebuten mot Wales 31. mars 1954. Fyrst fire år seinare kom på han skåringslista att, noterte seg då for heile 5 mål under Fotball-VM 1958 i Sverige. Nord-Irland nådde kvartfinalen i turneringa. 9. mai 1962 tok landslagstida slutt, etter 34 kampar og 10 mål.

  • Vinnar av FA-cupen: 1957 med Aston Villa