Danny Blanchflower

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danny Blanchflower


Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 10. februar 1926
Belfast
Død

9. desember 1993 (67 år)
London

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1958

Utmerkingar

English Football Hall of Fame

Robert Dennis Blanchflower, kjend som Danny Blanchflower, (10. februar 19269. desember 1993) var ein britisk-nordirsk fotballspelar og -trenar frå Belfast, lagkaptein på Tottenham Hotspur-laget som i 1961 vann både FA-cupen og den engelske ligaen. Midtbanespelaren var kjend som ein presis pasningsleggjar med ei særeigen evne til å styre tempoet i ein kamp.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Blanchflower spelte på nordirske Glentoran frå 1946 til 1949. Etter vel halvtanna år på det engelske andredivisjonslaget Barnsley FC, vart han vinteren 1951 overført til Aston Villa mot 15 000 engelske pund. I mars 1951 fekk han sin debut i engelsk fyrstedivisjon og spelte 148 ligakampar for laget frå Birmingham fram til 1954. Dei neste knappe ti åra var han Tottenham-spelar, etter ein overgang som kosta 3 0000 pund. Blanchflower stod heilt utan meistertitlar då han runda 36 år. Sesongen 1960/61 var han lagkaptein og den beste spelaren då Tottenham Hotspur sikra seg ein historisk dobbelttriumf, siger i ligaen og siger i FA-cupen med 2-0 over Leicester City. Nøyaktig eitt år seinare forsvarte Tottenham FA-cuptittelen på Wembley stadion i London, Blanchflower fastsette då sluttresultatet mot Burnley FC til 3-1 på ei straffe. Vel eitt år etterpå, den 15. mai 1963, møtte Tottenham det spanske laget Atlético Madrid til finale i cupvinnarcupen på Feijenoord stadion i Rotterdam. London-laget imponerte stort og Blanchflower kunne heve pokalen etter ein kamp som enda 5-1. Han la opp våren 1964, 38 år gammal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Blanchflower var landslagsspelar for Nord-Irland frå oktober 1949 til oktober 1962, kaptein på laget frå hausten 1953. Han deltok då Nord-Irland i 1958 tok seg til kvartfinalane under Fotball-VM i Sverige. I kvartfinalen mot Frankrike i Norrköping enda 0-4. Blanchflower var med i 56 landskampar og skåra to landslagsmål, begge på straffespark.

Finalelaget til Tottenham i cupvinnarcupfinalen 1963, Blanchflower nummer to frå venstre i bakre rekke

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham
  • Engelsk ligameister: 1961 med Tottenham
  • Vinnar av FA-cupen: 1961 og 1962 med Tottenham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]