Pica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pica


Svartnebbskjor øvst, gulnebbskjor under Foto: Illustrasjon i National geographic magazine, før 1940, ukjent kunstnar
Svartnebbskjor øvst, gulnebbskjor under
Foto: Illustrasjon i National geographic magazine, før 1940, ukjent kunstnar
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Corvidae
Slekt: Pica
Vitskapleg namn
Pica

Pica er ei biologisk slekt av mellomstore medlemmer av kråkefamilien, Corvidae. Slekta har sirkumpolar utbreiing på den nordlege halvkula. Det er anerkjent sju artar i EBird/Clements Checklist v2018[1].

Dette er dels fargerike fuglar med særs lang hale, totalt ca. 45 til 60 centimeter i kroppslengd. Basisfargene er svart og kvitt, men modne fuglar kan syne metallisk blått, grønt, lilla og purpurfarga glans. Pica-skjorer er skildra som altetande og åtseletarar. Kjønna er like i fjørdrakt, men hannfuglar er større enn hoer. Dei er monogame og har langvarige parband. Reiret er oftast ein stor og overbygd konstruksjon, men det førekjem at dei bygger opne reir. Dette er standfuglar.

Arten skjor lever i Eurasia frå Irland til Kamtsjatkahalvøya. Han har fråvere frå Island og India. Svartnebbskjor lever i store delar av nordvestre Nord-Amerika, inkludert sørlege Alaska og Aleutane. Dette er den største arten i slekta. Gulnebbskjor har eit avgrensa leveområde i California, vest for Sierra Nevada. Dette er den minste arten, han skil seg frå dei to andre med iaugefallande gult nebb.

Fire takson er nyleg splitta ut frå Pica pica:[2] Maghrebskjor, Pica mauritanica lever i Nordvest-Afrika. Asirskjor, Pica asirensis lever i eit avgrensa område sørvest på Den arabiske halvøya. Svartgumpskjor, Pica bottanensis, lever i vestre, sentrale Kina og sentrale Bhutan. Orientskjor, Pica serica, har utbreiing frå Myanmar til sentrale Kina og er introdusert til Japan.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Pica i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1], norske namn er etter Norsk navnekomité for fugl:[2]

  • Maghrebskjor, Pica mauritanica, Maghreb Magpie, Malherbe, 1845, (LC)
  • Asirskjor, Pica asirensis, Asir Magpie, Bates, 1936, (EN)
  • Svartgumpskjor, Pica bottanensis, Black-rumped Magpie, Delessert, 1840
  • Orientskjor, Pica serica, Oriental Magpie, Gould, 1845
  • Skjor, Pica pica, Eurasian Magpie, Linné, 1758, (LC)
  • Svartnebbskjor, Pica hudsonia, Black-billed Magpie, Sabine, 1823, (LC)
  • Gulnebbskjor, Pica nuttalli, Yellow-billed Magpie, Audubon, 1837, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Morten Bergan (19.12.2018) Nye norske fuglenavn, Norsk Ornitologisk Forening, artikkel på birdlife.no, henta 31. januar 2018
  • (2018). dos Anjos, L. & Bonan, A. (2018). Crows and Jays (Corvidae). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst frå 'Species table'. Henta frå http://www.hbw.com/node/52369 16. juni 2018
Referansar
  1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 31. januar 2018 
  2. 2,0 2,1 Bergan 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pica