Pinocchio (1940)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pinocchio
Pinocchio title card.png
OpphavslandUSA Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk
SjangerAnimasjon
RegissørBen Sharpsteen, Hamilton Luske, Norm Ferguson, T. Hee, Wilfred Jackson, Jack Kinney, Bill Roberts Edit this on Wikidata
ProdusentWalt Disney
ManusAurelius Battaglia
William Cottrell
Otto Englander
Erdman Penner
Joseph Sabo
Ted Sears
Webb Smith
Lengd88 minutt Edit this on Wikidata
Budsjett$2 600 000

Pinocchio er ein amerikansk animert film frå 1940, laga av av Walt Disney Productions. Filmen bygde på romanen Pinocchio av Carlo Collodi (1826–1890).

Filmen hadde premiere tre år etter Snehvit og de syv dvergene, og var den andre animerte langfilmen frå Walt Disney Company.[1] Han er rekna som den andre av Disney-klassikarane. Filmen er blitt sloppen igjen for kinovising i 1945, 1954, 1962, 1971, 1978, 1984, og 1992. Han kom ut på video som VHS i 1985, 1986, og 1993, og digitalt reinska for utgjeving på DVD den 10. mars 2009.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Den levande tredokka Pinocchio. Bilde frå filmtraileren.
Jiminy Cricket, eller Timmy Gresshoppe.

Den snille dokkemakaren Geppetto ønsker seg ein son av heile sitt hjarte. Ein dag lagar han ei tredokke som han kallar Pinocchio. Ei god fe dukkar opp og vekkar dokka til liv. Fea lover Pinocchio at han vil bli ein ekte gut om han viser at han er modig, ærleg og usjølvisk. Til å hjelpa seg i livet har han ei talande grashoppe, Timmy. Ein dag blir Pinocchio kidnappa og utnytta på teater for at den vonde Stromboli skal tena pengar. Pinocchio rømmer, og må klara seg på eiga hand. Etter at han har møtt fleire farer ønsker Geppetto at Pinocchio skal bli ein ekte gut. Fea tek for seg Pinocchio sine eigenskapar og forvandlar han til slutt til ein menneskegut.

Rolleliste (stemmer)[endre | endre wikiteksten]

Roller Engelske stemmer Norske stemmer
Pinocchio Dickie Jones Gaute Skjegstad
Timmi Gresshoppe Cliff Edwards Øivind Blunck
Geppetto Christian Rub Helge Winther-Larsen
Mikkel From Walter Catlett Per Christian Ellefsen
Stromboli Charles Judels Ivar Nørve
Vognmannen Charles Judels Harald Mæle
Ønskeféen Evelyn Venable Unn Vibeke Hol
Umulius Frankie Darro Bernhard Arnø
Alexander Dickie Jones Eirik Espolin Johnson

Songar[endre | endre wikiteksten]

Songane i filmen blei skrivne av Leigh Harline og Ned Washington.

  1. «When You Wish upon a Star» - Cliff Edwards - 3:16
  2. «Little Wooden Head» - Christian Rub - 05:45
  3. «Give a Little Whistle» - Cliff Edwards og Dickie Jones - 1:38
  4. «Hi Diddle Dee Dee» - Walter Catlett - 1:40
  5. «I've Got no Strings» - Dickie Jones og Patricia Page - 2:23
  6. «Hi-Diddle-Dee-Dee (Reprise)» - Walter Catlett - 00:22
  7. «When You Wish upon a Star (Reprise)» - Cliff Edwards og Chorus - 01:27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Andreas Ziegler (20. desember 2009). «Disneytips för julen» (på svensk). Epoch Times. Henta 9. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]