Piotr Fijas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piotr Fijas

Piotr Fijas (2011).jpg

Statsborgarskap Polen
Fødd 27. juli 1958
Bielsko-Biała
Idrett skihopping
Yrke skihoppar, skihopptrener

Piotr Władysław Fijas (fødd 27. juni 1958) er ein polsk, tidlegare skihoppar frå Bielsko-Biała. Han var kjend som ein skiflygar, og vann bronsemedaljen i VM i skiflyging i Planica i 1979. I 1987 sette han i Planica verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 194 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fijas deltok internasjonalt i skihopping frå 1978 og 1988. Han kom på bronseplassen i VM i skiflyging i Planica i 1979, der Armin Kogler frå Austerrike vart verdsmeister. I 1987 sette han verdsrekord i Planica med 194 meter, ein verdsrekord som stod i sju år. Han sette også bakkerekord i Vikersundbakken i 1986 med 163 meter.

Mellom 1980 og 1987 oppnådde Fijas ti pallplasseringar i verdscupen. Tre av dei var sigrar, dei to fyrste vinteren 1980, den tredje og siste i januar 1986. Alle tre sigrane kom i storbakkar. I hans beste sesong samanlagt i verdscupen, 1984/85 vart han nummer 14.

Fijas deltok frå 1980 til 1988 i alle dei store meisterskapane i nordiske greiner; sjuandeplassen i normalbakken under vinter-OL i Sarajevo i 1984 vart hans beste plassering. Han vart også nummer sju i sitt siste skiflygings-VM, i 1988 i Oberstdorf.

Fijas la opp som skihoppar etter 1988-sesongen. Han er i dag med i trenar-teamet til det polske hopp-landslaget.

Verdcupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
27. januar 1980 Zakopane Polen
9. februar 1980 St. Nizier Frankrike
12. januar 1986 Liberec Tsjekkia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar