Vikersundbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikersundbakken
Vikersundbakken
Namn Vikersundbakken
Plassering Vikersund
Byggeår 1966
Bakketype Skiflygingsbakke
Tekniske data
K-punkt 200 m
Bakkestorleik (HS) 225 m
Bakkerekord 251,5 m
Tilløp - lengde 134 m
Tilløp - vinkel 36 grader
Høgde på hoppet
Snøggleik på hoppet ca 102 km/t
Vinkel på hoppet 11 grader
Vinkel ved K-punkt 35 grader
Tilskodarkapasitet 25,000
Klubb Vikersund IF
Andre bakkar K5, K15, K25, K45, K65, K90

Vikersundbakken er Nordens einaste skiflygingsbakke. Bakkerekorden er 219 meter og er sett av Roland Müller frå Austerrike. Med denne bakkerekorden er Vikersundbakken den tredje største hoppbakken i verda.

Vikersundbakken blei bygd i 1936 og blei ombygd til skiflygingsbakke i 1966. Same året sette Bjørn Wirkola verdsrekord med 146 meter. Skiflygingsbakken er om- og utbygd fleire gonger, seinast til VM i 2000. Bakken har fram til 2010 status som nasjonalanlegg. Bakken er eigd av Stiftelsen Vikersund Hoppsenter, som igjen er danna av Vikersund IF, Modum kommune og Buskerud fylkeskommune. Det er aksjeselskapet Skiflyvning Vikersund AS som eig alle rettar til å arrangere skiflyging i Vikersund. Hovudstyret i Vikersund idrettsforening er generalforsamlinga i aksjeselskapet.

Vikersund Hoppsenter består av sju bakkar. Mens K-185 er nasjonalanlegg er K-90 fylkesanlegg i Buskerud. I tillegg er det K-10, K-15, K-25, K-45 og K-65 i anlegget. K-15 og K-25 er plastlagt for hopping om sommaren.

Hausten 2006 blei det sett i gang montering av flaumlys i skiflygingsbakken. Med dette blei Vikersundbakken den første skiflygingsbakken i verda med permanent flaumlys. Seinare har òg Heini Klopfer-bakken i Oberstdorf fått flaumlysanlegg.

Vikersund har arrangert ei rekke internasjonale renn. Sist gong det blei hoppa i den største bakken var under Word Cup-rennet 12. – 14. januar 2007, då Anders Jacobsen vann på heimebane. I februar 2004 blei det arrangert Continentalcup i skiflygingsbakken, det første rennet på dette nivået nokon gong i ein skiflygingsbakke. Det var før dette rennet dei norske hoppjentene med Anette Sagen og Line Jahr i spissen kjempa mot FIS om å få hoppe. Vikersund arrangerte òg NM på ski saman med Konnerud i 1989.

Komande renn[endre | endre wikiteksten]

29. mai 2008 blei Vikersund tildelt verdsmeisterskapen i skiflyging i 2012. I 2009 skal Holmenkollen byggast om, og Holmenkollrennet er flytta til Vikersund. I tillegg skal det bli arrangert verdscupavslutning i kombinert og lagkonkurranse i skiflyging. Det blir fyrste gong det blir arrangert verdscup i ei anna grein enn skiflyging i Vikersund. I 2011 blir det prøve-VM i skiflyging og verdscup i kombinert.

Utbyggingsplanar[endre | endre wikiteksten]

10. januar 2005 presenterte Vikersund Skiflyvning AS og Stiftelsen Vikersund Hoppsenter planar for Nye Vikersund. Nye Vikersund var eit svar på planar om ny skiflygingsbakke i Rødkleiva i Oslo. Planane innebar blant anna å grave hoppbakken lenger inn i terrenget for å gi meir vindskjerming, nytt stilas, dommartårn og eit servicesenter i hoppsenteret. 20. april 2005 gjekk styret i Noregs Skiforbund inn for Rødkleiva som nytt nasjonalanlegg for skiflyging, og stoppa dermed vidare utbyggingsplanar i Vikersund. Våren 2008 gjorde Norges Skiforbund om sitt Rødkleiva-vedtak, Vikersund fekk verdsmeisterskapen i 2012 og fire renn vinteren 2009.

Med VM og forsikringar om nye verdscuprenn er ein i gang med å utbetre heile hoppanlegget. Før verdscuprenna i mars 2009 skal sletteområdet i skiflygingsbakken bli flata ut, for å gi plass til fleire tilskodarar og betre tryggleik. Normalbakken K90 blir bygd om til storbakke, for å tole hopp rundt 125 meter. Det skal bli installert frysespor i den nye storbakken og i skiflygingsbakken. Den nye storbakken vil få bakkestorleik HS 117 meter. Samstundes skal det bli bygd ein kombinert gildehall og eit fleirbruksbygg på 3000 kvadratmeter som skal ligge mellom dei to største bakkene. Utbyggingane er kostnadsrekna til ca. 35 millionar kroner.

Bakkerekordar[endre | endre wikiteksten]

Den første bakkerekorden blei sett i 1936, av Kongsberghopperen Hilmar Myhra. Første gong kvinner fekk hoppa i Vikersundbakken var under COC-rennet i 2004, kor Anette Sagen sette bakkerekord med 174,5 meter.

År Namn Nasjon Lengde
1936 Hilmar Myhra Noreg 85
1946 Arnold Kongsgård Noreg 87,5
1948 Arnold Kongsgård Noreg 88,5
1951 Arne Hoel Noreg 98
1957 Arne Hoel Noreg 100,5
1958 Asbjørn Osnes Noreg 108,5
1960 Paavo Lukkariniemi Flag of Finland.svg 116,5
1966 Bjørn Wirkola Noreg 145
1966 Bjørn Wirkola Noreg 146
1967 Reinhold Bachler Flag of Austria.svg 154
1977 Frantisek Novak Tsjekkoslovakia 157
1986 Piotr Fijas Flag of Poland.svg 163
1990 Matti Nykänen Flag of Finland.svg 171
1993 Espen Bredesen Noreg 185
1995 Takanobu Okabe Japan 194
1998 Takanobu Okabe Japan 194
2000 Andreas Goldberger Flag of Austria.svg 207
2004 Martin Koch Flag of Austria.svg 209
2004 Roland Müller Flag of Austria.svg 211
2004 Olav Magne Dønnem Noreg 214
2004 Roland Müller Flag of Austria.svg 219

År Namn Nasjon Lengde
2004 Anette Sagen Noreg 174,5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]