Postimees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Postimees logo.svg
Tittelbladet til den første utgåva av Perno Postimees (1857)

Postimees er ei estisk dagsavis. Med eit opplag på mellom 61 000 og 72 000 er avisa, etter laussalsavisa SL Õhtuleht den største og viktigaste avisa i Estland. Postimees tyder ’postmann’.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Med løyve frå Alexander II fekk Perno Postimees ehk Näddalileht trykkeløyve i 1856. Avisa kom ut i Pärnu i perioden 18571863 som eit åttesiders vekeblad på estisk. Redaktør var Johann Voldemar Jannsen. Den andre estiskspråklege avisa som fekk trykkeløyve same år, Tartu-avisa Tallorahwa Postimees, gjekk inn etter berre to år.

I 1864 forlét Jannsen Perno Postimees, og gav i lag med forlagsmannen Laakman ut ei konkurrerande avis, Eesti Postimees, som snart vart meir populær enn Perno Postimees. Begge avisene var viktige i den nasjonale rørsla i siste halvpart av 1800-talet.

I 1882 selde Jannsen Eesti Postimees, som i dei neste tre åra vart redigert av Karl August Hermann. I 1884 kjøpte Karl August Hermann avisa sjølv, og la redaksjonen til Tartu.

Pärnu Postimees eksisterte fram til 1885. Under leiing av Hermann kom den nystarta avisa Postimees i Tartu som etterfølgjar til Pärnu-avisa, først som vekeavis (1886/87), deretter 1887–91 tre gonger i veka. I 1891 vart Postimees den første estiske dagsavisa. Både Eesti Postimees og Postimees var talerøyr for motstandarane av tsaren si russifisering av Estland. I 1896 selde Hermann Postimees til eit eigedomsselskap.

Medeigar vart òg den estiske journalisten og politikaren Jaan Tõnisson. Han vart gjennom Postimees ein sentral person i pressemiljøet i den sjølvstendige republikken Estland i 1918. Han var medeigar i avisa fram til 1930 og sjefredaktør i åra 1896 til 1935.

Då Estland vart okkupert av Sovjetunionen i juni 1940, som følgje av Molotov–Ribbentrop-pakta, vart òg pressefridomen avskaffa. Postimees kom då ut som eit talerør for kommunistane, og vart 28. september 1940 erstatta av avisa Tartu Kommunist fram til 24. juni 1941, då Estland vart okkupert av Tyskland under Operasjon Barbarossa. Under den tyske okkupasjonen av Estland, kom avisa ut frå 13. juli 1941 til 16. september 1944, frå august 1944 under namnet Uus Postimees, medan ho frå 1945 igjen fekk det gamle namnet Postimees. Frå 1. mai 1948 og fram til 1990 vart ho gjeven ut som ei kommunistisk avis under namnet Edasi («Framover»).

Postimees i dag[endre | endre wikiteksten]

Etter det nye sjølvstendet vart Postimees stifta på nytt i 1991. Eigar er Eesti Meedia Gruppe, der det norske mediekonsernet Schibsted i dag har 92,5 % av aksjane.

Til Postimees-gruppa høyrer også regionsavisene Tartu Postimees, Pärnu Postimees, Sakala, Virumaa Teataja, Järvamaa Teataja og Valgamaalane. Frå og med 1995 kom Postimees òg ut i ei internettutgåve. Sidan 2005 har det også kome ut ei russiskspråkleg utgåve av dagsavisa, i eit opplag på 25 000.

Hovudredaksjonen ligg i Tallinn, med regionkontor i Tartu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]