Praktrosella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Praktrosella

Status i verda: LC Livskraftig

PraktrosellaFoto: JJ Harrison
Praktrosella
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Platycercus
Art: P. eximius
Vitskapleg namn
Platycercus eximius

Praktrosella, Platycercus eximius, er er ein rosella som er stadeigen for det søraustre australske kontinentet medrekna Tasmania. I tillegg er han introdusert til New Zealand der ville populasjonar er funne på Nordøya,[1] særleg i den nordlege halvdelen av øya og i Hutt Valley, og i åsane rundt DunedinSørøya.[2][3]

Praktrosella er 30 centimeter lang. Han har eit raud hovudet og kvite kinn. Nebbet er kvitt og irisen er brun. Øvre delen av brystet er raudt og nedre del er gult som falmar til bleik grøn over buken. Fjørene på rygg og skuldra er svarte med gullege eller grønlege kantar som gjev opphav til ein skjelaktig utsjånad, men er varierande mellom underartar og kjønna. Vengene og ytre halefjører er blålege medan halen er mørk grøn. Beina er grå. Hoa er lik den hannfuglen, skjønt mattare i farger og har ei stripe på undervengen som ikkje er tilstades hos vaksne hannar. Ungfuglar er mindre iaugefallande enn hoene og har stripa på undervengen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simpson, K and Day, N,. Field Guide to the Birds of Australia (Simpson & Day) 7th edition, 2004 ISBN 0-670-04180-7
  • Forshaw, Joseph M. & Cooper, William T. (1978): Parrots of the World (2nd ed). Landsdowne Editions, Melbourne Australia ISBN 0-7018-0690-7

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Falla RA, Sibson RB & Turbot EG (1966) A Field guide to the birds of New Zealand. Collins, London (ISBN 0-00-212022-4)
  2. Te Ara: The encyclopedia of New Zealand online
  3. Notornis (Ornithological Society of New Zealand journal), 2002
  4. Forshaw (2006). plate 56.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Praktrosella