Prosesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein religiøs prosesjon, ein buddhistisk vesakprosesjon, i Indonesia.
Prosesjon i Salta i Argentina.

Prosesjon (frå latin prosessio, av procedere, 'å gå framover') er eit høgtideleg opptog.[1] Det kan vera eit ritual eller ein seremoni, ofte av religiøs art, der ei gruppe menneske går etter kvarandre i tog i samsvar med fastsette reglar for framgangsmåte og utstyr. Òg i ikkje-religøs samanheng vert det skipa til prosesjonar av ulike typar ved særlege høve, som til dømes ved universiteta under særlege festdagar, då akademiske leiarar og professorar kan gå i prosesjon kledd i sine uniformerte festklede; dette er meir vanleg i fleire andre land enn i Noreg.

Dersom prosesjonen er av ein type som har eit politisk føremål, nyttar ein nemningar som demonstrasjonstog og liknande, ikkje nemninga «prosesjon». Andre ord for særlege typar av prosesjonar er mellom anna parade, til dømes militærparade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Prosesjon
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.