Provinsen Utrecht
Provincie Utrecht Provinsen Utrecht | |||||
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Leeuwarden | ||||
Dronninga sin kommissær | Hans Oosters (PvdA) | ||||
Religion (1999) | protestant 27% romersk-katolsk 20% | ||||
Areal • Land • Vatn |
1 386 km² (12.) 63 km² | ||||
Folketal (2006) • Totalt • Folketettleik |
1 180 039 (5.) 851/km² (3.) | ||||
Hymne | «Langs de Vecht en d'oude Rijnstroom» | ||||
Offisiell nettstad | www.provincie-utrecht.nl |
Utrecht er ein provins i Nederland og ut frå areal den minste i landet. Han ligg midt i landet og grensar til Eemmeer i nord, Gelderland i aust, elva Rhinen i sør, Zuid-Holland i vest og Noord-Holland i nordvest. Byen Utrecht er administrasjonssenter og av andre store byar finn ein Amersfoort og Zeist.
Historie[endre | endre wikiteksten]
I mellomalderen vart det meste av området og landet rundt styrt av erkebiskopen av Utrecht. Bispedømet vart grunnlagd i 722 av Willibrord. Det har vore mange krigar mellom Utrecht og grevskapa og hertugdøma rundt, som Holland, Gelderland og Brabant. I 1527 selde biskopen områda til keisar Karl V, som alt eigde dei andre nederlandske provinsane. Habsburgstyret varte ikkje lenge og Utrecht vart med i opprøret mot son til Karl V, Filip II av Spania som ein del av Dei sameinte Nederlanda.
Byane Oudewater, Woerden og Vianen vart overført til provinsen Zuid-Holland, sistnemnde i 2002.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Aust i Utrecht ligg Utrechtse Heuvelrug, ei rekkje moreneåsar. Sidan jordsmonnet i provinsen var relativt næringsfattig var området tidlegare dekt av lyngheier. Dei sørlege delane av provinsen er eit elvelandskap, medan dei vestlege områda stort sett er enger.
Kommunar[endre | endre wikiteksten]
Overijssel består av følgjande 26 kommunar:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell side
- Kommunar i Utrecht Arkivert 2005-02-08 ved Wayback Machine.
- Detaljert informasjon om kommunane Arkivert 2008-05-29 ved Wayback Machine.
- Detaljert kart over Utrecht Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Utrecht (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.