Hopp til innhald

Pu'er

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pu'er
byprefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Provins Yunnan
Areal 44 266 km²
Folketal 2 404 954 (2020)
Kart
Pu'er
22°46′49″N 100°58′11″E / 22.78028°N 100.96981°E / 22.78028; 100.96981
Plasseringa av Pu'er i Yunnan
Plasseringa av Pu'er i Yunnan
Plasseringa av Pu'er i Yunnan
Wikimedia Commons: Pu'er City

Pu'er (kinesisk: 普洱; pinyin: Pǔ'ěr) er eit byprefektur sørvest i provinsen Yunnan i Folkerepublikken Kina. Prefekturet grensar i vest til Myanmar og heilt i søraust tilLaos. Pu'er har eit areal på 45 385 km² og eit folketal på om lag 2,36 millionar.

Byprefekturet Pu'er omfattar eitt distrikt (区 ) og ni autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Mellom 1950 og 2007 heitte byprefekturet for Simao.

Pu'er-te, ein av best kjende tesortane frå Kina, kjem frå fylket Ning'er i byprefekturet.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 213 i Kina går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos. Også Kinas riksveg 323 leier gjennom området. Han byrjar i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pu'er