Pustegass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pustegass er mest vanleg og naturleg som luft. Andre kunstige gassar, anten reinsa eller blandingar av ulike gassar, er brukt i lukka miljø som apparatdykking, dekompresjonskammer, undervassbåtar eller romstasjonar.

Ein sikker pustegass har tre viktige eigenskapar:

  • Den må innehalda nok oksygen for å halda pusteren i live, ved medvit og i stand til å arbeida.
  • Den må ikkje innehalda farlege gassar. Karbonmonoksid og karbondioksid er vanlege giftige gassar i pustegasser, men det er mange andre farlege gassar.
  • Den må ikkje verta giftig når det vert pusta ved eit høgare trykk, til dømes når ein er under vatn. Oksygen og nitrogen er døme på gassar som vert giftige under trykk.

Dei fleste pustegasser er blandingar av oksygen og ein eller fleire inertgasser. Teknikken som vert brukt til å fylla dykkeflasker med andre gassar enn luft kallast gassblanding.

Mest brukte pustegasser[endre | endre wikiteksten]

Dei mest vanlege brukte pustegasser er:

  • Luft er ei blanding av oksygen (21 %) og nitrogen (79 %). Det er den mest vanlege brukte dykkegass fordi den er billeg og enkel å bruka. Då denne gassen har ein nitrogen komponent som forårsakar nitrogennarkose (dybderus) har den ei maksimal djupn på 40 meter for normal dykking.
  • Rein oksygen er vanlegvis brukt til grunne dekompresjosstopp ved teknisk dykking for å akselerera avgassingen av andre inertgasser. Reint oksygen vert òg brukt på overflata som førsthjelp ved ei rekkje dykkerelaterte skadar (trykkfallssjuke, lungebrist, karbondioksydforgifting er nokre).
  • Nitrox er ei blanding av oksygen og nitrogen vanlegvis med ein høgare prosent oksygen enn 21 % som er vanleg i luft. Det er brukt i staden for luft for å få lenger ikkje-dekompresjonstid, forkorta dekompresjonstid eller for å redusera risikoen for trykkfallssjuke.
  • Trimix er ei blanding av oksygen, nitrogen og helium og er ofte brukt i dei djupe fasane av eit teknisk dykk.
  • Heliox er ei blanding av oksygen og helium og er ofte brukt i dei djupe fasane av yrkesdykking (f.eks dypdykking i Nordsjøen).
  • Heliair er ei blanding av oksygen, nitrogen og helium. Den er brukbar i den djupe fasen av eit teknisk dykk. Den vert laga enkelt ved å blanda helium og luft og den har då alltid 21:79 ratio av oksygen og nitrogen og dette vert balansert av helium.
  • Neox er ei blanding av oksygen og neon og er svært sjeldan brukt grunna høg pris.

Individuelle gasskomponentar[endre | endre wikiteksten]

Oksygen[endre | endre wikiteksten]

Oksygen må vera tilstades i kvar og ein pustegass. Den er essensiell for metabolismen til kroppen som opprettheld livsprosessen. Menneskekroppen kan ikkje lagra oksygen til seinare bruk som den gjer med mat. Dersom kroppen ikkje får tilførsel av oksygen i meir enn fem minutt vil det føra til tap av medvit og til slutt død. Vev og organ (særleg hjernen og hjarte) i kroppen vil skadast dersom det er utan oksygen lenger enn fire til fem minutt.

Delen oksygen i pustegassen avgjer den sikre djupna gassen kan brukast på:

  • Hypoxiske blandingar har ein del oksygen som er mindre enn luft (21 %) eller meir strengt teke mindre enn 16 % oksygen, er laga for å pustast som botngass i djupet. Trimix, Heliox og Heliluft vert brukt til å laga hypoxiske blandingar som vert brukt i teknisk dykking som djupe pustegasser.
  • Normoksiske blandingar har den same delen av oksygen som luft 21 %.
  • Hyperoksiske blandingar har ein høgare del av oksygen enn luft 21 % og er tenkt brukt på grunne djupner og vanlegvis til å akselerera dekomresjon. Nitrox er ein typisk hyperoksisk pustegass.

Det minimale sikre partialtrykk av oksygen i ein pustegass er 0,16 barar. Ved eit trykk lavare enn dette kan dykkeren risikera tap av medvit og død som følgje av hypoksi.

Det maksimale sikre partialtrykk av oksygen i ein pustegass avheng av eksponerinsgtid, men for dykk kortare enn 3 timar er dette vanlegvis 1,4 bar (1,6 bar setjast av enkelte som maksimal partialtrykk, men då vanlegvis som maksimal oprasjonsdybde eller når ein ikkje arbeider mykje som f.eks på eit tryggleiksstopp). Over dette partialtrykket eller ved lengre eksponeringer risikerer dykkeren oksygenforgifting som kan opptre som om ein har eit epleptisk anfall. Kvar pustegass har sin maksimale operasjonsdjupn og dette avheng av delen oksygen i pustegassen. Det kan òg nemnast at oksygen òg har ein narkose verknad på linje med nitrogennarkose, men denne er vanlegvis mindre merkbar.

Oksygenanalysatorar (elektrogalvaniske brennselsceller) vert brukt til å mæla konsentrasjoen av okysgen i pustegassen.

Fylling av dykkeflasker kostar litt meir ei vanleg luft pga kostnader til reint oksygen, reinsing av dykkeflasker og ekstra filtrering.

Nitrogen[endre | endre wikiteksten]

Nitrogen er ein inertgass som forårsakar nitrogennarkose under dykking. Nytta av nitrogen er difor avgrensa til grunne dykk. Nitrogen kan òg gje trykkfallssjuke. Luft er den billegaste pustegass til dykking

Ekvivalent luft dypde er ofte brukt til å laga ein pustegass blanding som er tilpassa den djupna ein planleggar å dykka til. Mange dykkere finn at 30 meter er ein komfortabel maksimaldybde for å unngå nitrogennarkose når ein dykkar på luft. Partialtrykket til nitrogen er då 0,79 * 4 bar = 3,16 bar.

Helium[endre | endre wikiteksten]

Helium er ein inertgass som er mindre narkotisk enn nitrogen på trykk som er aktuell for dykking, så denne gassen er betre eigna for djupare dykking.

Helium kan òg forårsaka trykkfallssjuke. Helium er heller ikkje særleg godt eigna som inflatorgass til tørrdraktsdykking fordi den har mykje større ledningsevne for varme enn luft. Dette fører til at ein tapar varme mykje raskare i ein tørrdrakt som vert fylt med helium. Ein vanleg måte å unngå dette er då å bruka ein eigen inflatorflaske fylt med luft eller argon.

Helium er òg ein dyr gass å kjøpa slik at dykking med helium er ein kostbar fornøyelse. Dersom ein nytter rebreathere (gjenpustarar) vil kostnaden til gass gå ned (på den andre side er då ein rebreather heller ikkje særleg billeg).

Neon[endre | endre wikiteksten]

Neon er ein inertgass som nokon gonger vert brukt i djup kommersiell dykking,men den er svært dyr.

Hydrogen[endre | endre wikiteksten]

Hydrogen har vore brukt til djup dykking, men den er svært eksplosiv når den vert blanda med oksygen.

Ikkje ynskte gassar i pustegass[endre | endre wikiteksten]

Mange gassar er ikkje ynskt i pustegasser. Her følgjer er ukomplett liste:

Argon[endre | endre wikiteksten]

Argon er ein inert gass som er meir narkotisk enn nitrogen såg den er ikkje eigna som ein pustegass under dykking. Den brukast til tørrdraktgass sidan den har dårlege eigenskapar til å leia varme (motsett av Helium). Argon er òg dyrare enn luft.

Karbondioksid[endre | endre wikiteksten]

Karbondioksyd vert produsert under metabolisering i kroppen. Den kan forårsaka karbondioksydforgiftning.

Karbonmonoksid[endre | endre wikiteksten]

Karbonmonoksid er forårsaka av ufullstendig forbrenning. Den kan koma inn i ein pustegass ved at eksos vert soge inn i ein kompressor eller frå forbrenning av smørolje i sjølve kompressoren. Karbonmonoksid er giftig for kroppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]