Puttin' on the Ritz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Puttin' on the Ritz» er ein popsong skrive og publisert i 1929 av Irving Berlin og introdusert av Harry Richman i musikalfilmen Puttin' on the Ritz (1930). Tittelen kjem frå slanguttrykket «putting on the Ritz» som tyder å kle seg særs moderne. Uttrykket var inspirert av det fasjonable Ritz Hotel.

Songen er skriven i forma AABA med eitt vers.[1] I følgje Alec Wilder i studiet sitt av amerikansk pop, var rytmemønsteret i «Puttin' on the Ritz» det «mest komplekse og utfordrande eg nokon gong har kome over».[2]

Den originale versjonen av songen inneheld referansar til trenden på den tida då flott kledde, men fattige svarte folk frå Harlem spaserte opp og ned Lenox Avenue, «Spending ev'ry dime / For a wonderful time». Songen vart nytta med den originale teksten i filmen Idiot's Delight i 1939, der han vart framført av Clark Gable med kor, og han vart òg nytta i That's Entertainment (1974). Columbia gav ut ein singel med Fred Astaire i 1930, der han syng den originale teksten. For filmen Blue Skies (1946), der han vart framført av Fred Astaire, endra Berlin teksten til å omhandle rike kvite som vandrar opp og ned Park Avenue.[3]

Hitsinglar med songen vart spelt inn av Harry Richman og Fred Astaire, som songen særleg er assosiert med. Alle andre plateselskap i 1929-1930 hadde sine eigne versjonar av denne populære songen (Columbia, Brunswick, Victor, og alle billigkjedane).

Taco-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Puttin' on the Ritz
Singel av Taco
frå albumet After Eight
B-side «Livin' in My Dream World»
Utgjeve 1983
Sjanger New Wave, synthpop
Lengd 4:41
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Irving Berlin
Produsent Taco
Taco-kronologi
«Cheek to Cheek»
(1982)
Puttin' on the Ritz «Singin' in the Rain»
(1992)


Ein synthpopversjon av Taco nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i september 1983 og selde til gullplate.[4] Han vart gjeven ut på albumet After Eight. Han inneheld òg ein steppedanssolo i midten til ære for Astaire.[5][6] Denne versjonen vart rangert på 53. plass på lista til VH1 over 100 beste «One Hit Wonders» frå 1980-åra.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av fleire andre artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mueller, John (1986). Astaire Dancing - The Musical Films. London: Hamish Hamilton. s. 267. ISBN 0-241-11749-6. 
  2. Mueller, s. 267, quoting Wilder
  3. Mueller, s.267: «In the original version it told of the ritzy airs of Harlemites parading up and down Lenox Avenue. For the 1946 film, the strutters became well-to-do whites on Park Avenue. The patronizing, yet admiring satire of the song is shifted, then, and mellowed in the process. The change may have had to do with changing attitudes towards race and with Hollywood's dawning wariness about offending blacks.»
  4. http://www.billboard.com/charts/1983-09-10/hot-100
  5. http://www.songfacts.com/detail.php?id=1858, Henta 16. september 2013.
  6. The Billboard Book of Top 40 Hits - Joel Whitburn - Google Boeken
  7. PUTTIN' ON THE RITZ - Lyrics - International Lyrics Playground

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]