Quzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Quzhou i Zhejiang.

Quzhou (kinesisk skrift 衢州市, pinyin Qúzhōu) er eit byprefektur som ligg heilt vest i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har et areal på 8 846 km² og 2 456 100 innbyggjarar. Quzhou består av to bydistrikt, eitt byfylke og tre fylke.

Sentralt i Quzhou er er eit lågland langs elva Qiantang. Her er tett med vatningsanlegg med produksjon av sitrusfrukt, te og morbærblad. Slettene utgjer 15 % av arealet, åslandskap 36 % og fjellområda 49 %. Terrenget stig både mot vest og aust. Dei høgste fjella ligg i sør. Høgste punktet i byprefekturet er Dalong Gang, 1 500 moh. 71 % av landområdet er dekt med skog. Hovudkvarteret og produksjonsanlegget til Wuxijiang-demninga ligg i byprefekturet, og forsyner eit stort industriområde i prefekturet med elektrisk kraft.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk riksveg 320 går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og går sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og staten Myanmar. Undervegs er han innom mellom anna Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]