Rēzekne
Rēzekne | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Latvia | ||||
Byrettar | 1773 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 17,12, 17,51 km² | ||||
Flatevidd - By |
17,48 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
36 345 2 079/km² | ||||
Koordinatar | 56°30′N 27°19′E / 56.500°N 27.317°E | ||||
Høgd over havet | 158 m | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | LV-460(1-6) | ||||
Telefon-retningsnummer | 46 | ||||
Heimeside: http://www.rezekne.lv/ | |||||
Plassering | |||||
![]() |
Rēzekne (tysk Rositten, estisk Räisaku, polsk Rzeżyca russisk Резекне Rezekne) er ein by aust i Latvia. Byen er grunnlagd på den gamle handelsruta mellom Litauen og Pskov, der han snur austover ved elva Rēzekne. Ei latgalisk borg låg her mellom 800-talet og 1200-talet, men vart øydelagd av tyske krossfararar. Byen vert nemnd som Rositten i dokument frå 1285. Byen har fleire gonger vorte øydelagd under krigar, og vart sist gjenoppbygd på 1950-talet.
Byen er i dag ei spesiell økonomisk sone og eit senter for utdanning og kultur i landsdelen. Han er vennskapsby med Arendal i Noreg, Vitebsk i Kviterussland og Czestochowa i Polen.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I 2000 var 39,6 % av innbyggjarane latviarar, 53,9 % russarar, 2,5 % er polakkar og 4,2 % andre nasjonalitetar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Den gamle handelsvegen mellom Litauen og Pskov snur aust langs elva Rēzekne. Tyske krossfarar øydela den latgaliske borga som låg her og bygde si eiga borg på 1200-talet. Rēzekne vart øydelagd under den liviske krigen og kom under Polen i 1528. Etter den første oppdelinga av Polen i 1772 kom byen under Det russiske keisarriket. I 1773 fekk han bystatus.
Kongressen for latgalske rettar kom saman i Rēzekne i april 1917 og vedtok å lausrive Latgale frå Vitebsk og gå inn i union med dei andre regionane i Latvia. Rēzekne vart eit senter for kultur og økonomi etter den latviske staten vart stifta.
Under den andre verdskrigen vart byen hardt råka, men i 1950 var han bygd opp att og Rēzekne vart tvangsindustrialisert av dei sovjetiske styresmaktene.
I seinare tid har Rēzekne igjen vorte eit sentrum for kultur. Latgalisk TV har stasjonen sin her og byen har eit vidt spekter av utdanningstilbod.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]
Latvia har merka 41 objekt i byen som bevaringsverdige.
Det mest kjende monumentet i Rēzekne er monumentet for latgalisk frigjering, kjend som «Latgales Mara» eller berre «Mara». Det vart opphavleg utforma av Leon Tomasickis og støypt i bronse av skulptøren Karlis Jansons og vart avdekt i 1939. Statuen vart riven ned to gonger av dei sovjetiske okkupasjonsstyrkane, men vart gjenskapt og avduka igjen i 1992.
Borghaugen midt i byen er det eldste historiske vitnesbyrdet i byen. Her ligg restane av ei borg reist av den tyske riddarordenen på 1200-talet.
Den største kyrkja og det høgaste bygget i byen er den katolske domkyrkja Jesu Hjarte. Ho vart i 1995 domkyrkja for det då nyoppretta katolske bispedømet Rēzekne-Aglona. Fasaden er pseudo-romansk, men alteret er pseudo-gotisk. Den eldste kyrkja er den russisk-ortodokse kyrkja bygd i 1840-1846. Ho fekk den noverande utsjånaden ettere i gjenoppbygging i 1906.
Latgale-gatA har mursteinsbygg som er dei eldste som framleis står i byen. Rundt om i byen kan ein òg finne minnesmerke til ære for soldatar som fall for Latvia sitt sjølvstende i 1920 og frigjeringa frå nazismen i 1944. Det finst òg minnesmerke for dei som vart deportert til Sibir i 1941 og 1949 og 30 av innbyggjarane i landsbyen Audrini som vart offentleg avretta i her.
Rēzekne har òg eit museum bygd rundt latgalisk historie og kultur frå steinalderen og fram til i dag.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]
Rēzekne er vert for «Latgales TVs Musikkfestival» og sportsdanskonkurransar. Årlege hendingar er ein songfestival på St. Hans (24. juni), ein kunstmarknadsplass den siste søndagen i september og byfestivalen i september.
Byen har to kulturhus og fire offentlege bibliotek. To teater finst i byen, det eine heiter «Jorick» og er arvtakar etter det russiske nasjonalteateret og det andre heiter «Rēzeknes nasjonalteater» og vart stifta i 1959. Som i alle latviske byer så finst det fleire kor.
Undervisning
[endre | endre wikiteksten]Rēzekne har åtte større skular, inkludert den polske skulen, Handelsskulen, Kunsthøgskulen og Musikkhøgskulen. Eit institutt for høgare utdanning vart etablert i 1993. Det har fire fakultet innan økonomi, pedagogikk, tekniske fag og humaniora.
Transport
[endre | endre wikiteksten]
Jernbanelinjene Riga-Moskva og Warszawa-St. Petersburg går begge gjennom byen og jernbanestasjonar er bygd for å tene desse. Ein del gods frå Russland mot Austersjøen går gjennom byen, i tillegg til passasjertrafikken.
Riksvegen A12 går frå byen og går inn på A6 mot Riga.
Byen har ein liten flyplass, men den nyttast berre av grensevakter.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rēzekne» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Mikucs m.fl.: Visi celi ved (All roads lead to), Rēzeknes fylkesting 2000