RS «Osloskøyta»
| RS 50 «Osloskøyta» | ||
| Verft: | Knut Christensen & Co, Risør | |
| Konstruktør: | Bjarne Aas | |
| Byggjeår: | 1940 | |
| Byggjepris: | 125 000 kroner | |
| Oppkalla etter: | Oslo | |
| Finansiering: | Innsamling i Oslo | |
| Eigenskapar | ||
| Materiale: | tre | |
| Lengde: | 19,50 meter | |
| Breidde: | 5,60 meter | |
| Djupgåande: | 2,60 meter | |
| Seglareal: | 120 m² | |
| Motor år: | 1940 | |
| Motor: | 90/140 hk | |
| Ny motor år: | 1961 | |
| Ny motor: | 220 hk | |
| Fart: | 9 knop | |
| Mannskap: | 4 | |
| Statistikk | ||
| Sett inn i teneste: | 1940 | |
| Ut av teneste: | 1966 | |
| Menneskeliv berga: | 85 | |
| Fartøy assistert: | 532 | |
RS 50 «Osloskøyta» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1940. Ho vart konstruert av Bjarne Aas og bygd av Knut Christensen & Co i Risør. Med sine 19 meter var ho den største av Aas-skøytene. Byggesummen, kr 125000, vart innsamla i Oslo, noko som syner att i namnet.
I mai 1948 redda «Osloskøyta» mannskapet på 8 frå det flytande trandamperiet «Trana» ved hamna i Berlevåg. Mannskapet på redningsskøyta, Bertel Afset, Karl Knudsen, Olaf E.Afset og Edmund Steira, mottok Kongens fortenestmedalje i gull for denne redninga. Dei fekk og Emile Robins belønning for 1948. Det gjorde dei og for 1950.
Mannskapet på «Osloskøyta» vart, som mannskapet på 6 andre redningsskøyter, tildelt Deltakarmedaljen etter andre verdskrigen for flyktningetransport til Sverige.
I 1965 fekk «Osloskøyta» lekasje i krapp sjø på Hustadvika. Ved slippsetting synte det seg at ho var i så dårleg stand at det ikkje lønte seg å reparere. I 1966 vart ho seld til private.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002