Henri Becquerel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henri Becquerel

Antoine Henri Becquerel (15. desember 185225. august 1908) var ein fransk fysikar, nobelprisvinnar og ein av oppdagarane av radioaktiviteten.

Becquerel var fødd i Paris i ein familie med stolte tradisjonar innan naturvitskap. Både far og farfar hans var fysikarar som underviste ved det naturhistoriske museet i Paris. Seinare skulle også sonen hans fortsetja på same feltet.

Han studerte naturvitskap ved École Polytechnique frå 1872, og i 1874 tok han fatt på ingeniørstudiet ved Ponts et Chaussées, bruer og vegar. I 1877 var han ferdig utdanna, men føretrekte å fortsetta som forskar innan fysikk.

Becquerel hadde gifta seg med Lucie Jamin, dotter til fysikklærar ved École Polytechnique, i 1874. Dei fekk sonen Jean i 1878.

Av dei fleire felta han var innom kom optikken først, der han frå 1875 la vekt på polarisering. Deretter gjekk han over til å forska på det infraraude spekteret til metalliske gassar, og vidare absorpsjon av lys i krystallar. Det var innan dette feltet han skreiv doktoravhandlinga si. Året etter, i 1889 blei Becquerel innvald i det franske vitskapsakademiet, der far og farfar hans hadde sete før han.

Den fotografiske plata påviste ukjend stråling frå eit uranmineral.

Becquerel blei utnemnd til sjefingeniør ved Ponts et Chaussées i 1894. I 1896 oppdaga han radioaktivitet ved eit tilfelle mens han studerte fosforescens i uranmineral. Då han skulle utføra eit eksperiment med fotografiske plater som hadde lege saman med desse minerala såg han at dei allereie var blitt eksponerte. Noko i materialet sende ut lys utan sjølv å ha blitt utsett for lys. I 1903 fekk han Nobelprisen i fysikk for dette funnet, delt med med Marie og Pierre Curie.

Fysikaren døydde i relativt ung alder i 1908 – berre 55 år gammal – men fekk SI-eininga becquerel (Bq) kalla opp etter seg, i tillegg til at det i dag finst krater både på Månen og Mars som ber namnet hans. Sonen Jean Becquerel tok opp arven etter forfedrane og etterfylgde han i stolen på det franske vitskapsakademiet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]