Radiomottakar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein radiomottakar berekna til FM-radio og AM-radio.

Ein radiomottakar er eit apparat som tek imot radiobølgjer, som er modulerte elektromagnetiske bølgjer, og skil ut informasjonen som vert overført (informasjonssignalet). Denne informasjonen kan vera eit analogt signal, som lyd, eller ulike former for digital data.

Best kjent er radiomottakarar som tek i mot og dekodar signala frå ein kringkastar. Dette var tidlegare AM eller FM-radio, men kan i dag like godt vera digital radio, som DAB. I samband med kommunikasjonsradio er som oftast mottakar og sendar bygde inn i same apparat. Typiske døme er walkietalkie, mobiltelefon, stasjonar i trådlause nett, Blåtann, osb.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Blokkdiagram over ein radiomottakar

Ein radiomottakar har ei antenne, som fangar opp dei elektromagnetiske bølgjene som inneheld informasjonen ein ynskjer å ta imot. For at han skal kunna overførast er informasjonen koda (modulert), for å plassera signalet i rett frekvensområde (rett kanal) og for å gjera overføringa så robust som muleg mot støy og interferense. Dimensjonane på antenne må stå i høve til bølgjelengda, så langbølgje- og mellombølgje-radio krev store antenner, medan kortbølgje- og FM-radio greier seg med mindre antenner.

Signalet frå antenna er svært svakt, så det vert forsterka av ein radiofrekvensforsterkar før det går til demodulatoren, som dekodar signalet slik at ein sit att med informasjonen (tale, musikk, data, etc.) som vert overført. Etter demodulatoren vert signalet forsterka av ein lågfrekvensforsterkar, før det vert sendt til ein høgtalar, vidare dekoding, etc. Korleis mottakaren er oppbygd avheng av informasjonen som vert overført, så det er stor skilnad på radiomottakarar. Ein DAB-mottakar, til dømes, skil seg kraftig frå ein FM-mottakar. Mange radiomottakarar er i stand til å ta i mot fleire typar sendingar, som AM, FM og DAB. Desse har innebygd fleire demodulatortypar. DAB sender kompprimert lyd, så DAB-mottakarar har òg ein modul som dekomprimerer signalet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]