Hopp til innhald

Elektromagnetisk stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elektromagnetiske bølgjer)

Elektromagnetisk stråling er bølgjer som forplantar seg i rommet med ein elektrisk og ein magnetisk komponent. Desse elektromagnetiske bølgjene forplantar seg i rommet med lysfarten.

Maxwells likningar forutsa den elektromagnetiske strålinga og Heinrich Hertz påviste henne i 1888.

I fylgje teorien vil eit oscilerande elektrisk felt generere eit oscillerande magnetisk felt, som i sin tur genererer eit oscillerande elektrisk felt, og slik vil ei elektromagnetisk bølgje forplante seg i rommet. Den elektriske og den magnetiske komponenten står vinkelrett på kvarandre og på forplantningsretninga.

Elektromagnetisk stråling har forskjellige eigenskapar og bruksområde avhengig av bølgjelengda (frekvensen). Den strålinga vi alle kjenner best, er lys. Alt lys er elektromagnetisk stråling. Bølgjelengdene for synleg lys femner frå om lag 400nm til 700nm (sjå tabellen).

Namn Bølgjelengder Frekvensar
raudt ~ 625 740 nm ~ 480 405 THz
oransje ~ 590 625 nm| ~ 510 480 THz
gult ~ 565 590 nm ~ 530 510 THz
grønt ~ 520 565 nm ~ 580 530 THz
blått ~ 445 520 nm ~ 675 580 THz
indigo ~ 425 445 nm ~ 700 675 THz
fiolett ~ 380 425 nm ~ 790 700 THz

Stråling med andre bølgjelengder har andre namn:
radiostråling (bølgjelengd over 1m),
mikrobølgjer (1mm  1 000mm),
infraraud stråling (700nm  14 000nm),
uv-lys (bølgjelengd 30nm  400nm),
røntgenstråling (0,03nm  30nm) og
gammastråling (alt under 0,03nm).

Energimengda i elektromagnetisk stråling er gjeven ved formelen

der E er energien i eitt foton, h er Plancks konstant, c er lyshastigheita og λ (lambda) er bølgjelengda til strålinga. Jo kortare bølgjelengd, dess større fotonenergi.