Radjputar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maharana Raj Singh av Mewar, ca. 1670.
Den religiøse leiaren Mira Bai.

Radjputar (av sanskrit raja-putra, 'kongsson') er ei gruppe klanar frå Nord-India. Dei rekner seg til ksjatrya, krigargruppa i det indiske kastesystemet. Nokre radjputar har hatt stor makt som herskarar av ulike Radjput-rike eller som landeigarar, medan mange andre har hatt lågare status.

Det finst omtrent 12 millionar menneske som rekner seg som radjputar. Mange av dei er hinduar, men særleg blant dei nordvestre medlemmene finst det også mange muslimar.

I Britisk India fekk området Rajputana namn etter radjputane. Dette blei seinare omgjort til delstaten Rajasthan. Begge namna tyder 'radjput-land'.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ein rekner gjerne med at opphavet til radjputar er invaderande stammar frå Sentral-Asia, som hunarar, innfødde herskarfamiliar og andre som oppnådde sekulær makt. Dei har truleg opphavleg hatt makt som ryttarkrigarar, før dei slutta rekkjer som meir lukka kastar.[1]

Mytologisk sett kan radjputar rekna seg som etterkomarar av gudane Rama som Suryavanshi ('Sol-huset' eller 'Sol-folket'), Krisjna som Chandravanshi ('Måne-huset' eller 'Måne-folket) eller Agni som Agnivansha eller Agnikula ('Eld-huset' eller 'Eld-folket').

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ære knytt til avstamming, familie og eigen person er ein viktig tradisjonell verdi for radjputar. Mange radjputkvinner har tradisjonelt levd i purdah (kvinnekvarter og avstenging frå omverda). Ved arrangerte giftarmål prøver ein gjerne å oppnå at ektemannen har høgare sosial klasse enn brura (hygergami). Tradisjonelt har aristokratiske radjputar hatt fleirkoneri (polygami).[2] Satti (enkjebrenning) er også særskold knytt til aristokratiske radjputar.[3]

Radjputar er typisk ikkje vegetarianarar. Dei et kjøt, men helst ikkje storfekjøt.

Makt[endre | endre wikiteksten]

Radjput-soldatar i Britisk India.

Frå 800-talet vaks det fram fleire mindre fyrstestatar i Nord- og Sentral-India som var styrt av radjput-dynasti. Dei mange småstatane var lenge eit bolverk mot den muslimske erobringa av India, lenge etter at eit område som Pandjab var kome under muslimsk herredøme.

Det første mektige radjput-riket var Mewar, eit grøderikt område langs handelsruta mellom Delhi og Gujarat søraust i dagens Rajasthan.[4] Ein allianse av radjputar og afghanar, leia av Mewar, blei nedkjempa av stormogul Babur i 1527.[5] Hovudstaden deira Chittor blei teken av Akbar den store i 1568.[6] Mewar godkjende første moguloverherredøme i 1615.[7]

Etter fleire mindre konfliktar blei dei fleste radjputane og mogulane einige om ein avtale der fyrstane godtok mogulsk overherredøme, men var representerte ved hoffet og keisarrådet. Dei kunne ha guvernørstillingar og herredøme over hærar, og kongelege døtrer blei gjevne i ekteskap til stormogulane.[8] Denne ordninga varte ved fram til Mogulriket gjekk tilbake på 1700-talet, og radjputområda blei truga og delvis tekne av Marathariket. Ved slutten av den siste marathakrigen, i 1818, godtok dei britisk overherredøme. Dei blei ordna i provinsen Rajputana, men var framleis eigne statar. Då India fekk sjølvstende blei statane slått saman til delstaten Rajasthan.

Kjende radjputar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Asher & Talbot 2006, s. 99
  2. Asher & Talbot 2006, s. 213
  3. Asher & Talbot 2006, s. 214
  4. Asher & Talbot 2006, s. 99
  5. Asher & Talbot 2006, s. 116
  6. Asher & Talbot 2006, s. 125
  7. Asher & Talbot 2006, s. 207
  8. Asher & Talbot 2006, s. 126

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Asher, Catherine B.; Talbot, Cynthia (2006), India before Europe, Cambridge University Press 
  • «Rajput», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]