Rama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rama avbilda med si karakteristiske blå hud og med pil og boge. Bilete frå Sør-India i 1810-1820-åra.

Ramatsjandra, Sri Ram eller berre Rama er ein av dei mest dyrka gudane i dagens hinduisme, og blir rekna som den sjuande inkarnasjonen av Visjnu. Han er hovudpersonen i det populære eposet Ramayana, og opptrer også i det andre viktige hinduiske forteljingsverket Mahabharata. Rama er ein av dei mest populære heltane i legendene i hindumytologi og folkeeventyr i Sør-Asia og Søraust-Asia.

Soga om Rama[endre | endre wikiteksten]

Ramayana fortel at Rama blei fødd som kongsson i Ayodhya etter at faren, kong Dasaratha, hadde gjeve dei tre konene sine heilag nektar. Førstekona, Kausalya, var mor til Rama. Det blei også fødd tre andre brør til dei andre konene: Bharata, son av Kaikeyi, og tvillingane Laksjmana og Sjatrughna til Sumitra.

Rama blir fødd. Illustrasjon til Ramayana frå Udaipur frå 1712.
Rama bryt bogen. Måleri av Ravi Varma.

Då Rama blei eldre vann han Sita til kone i hennar svajamvara ('beilar-val'), ved å utføra eit meisterstykke. Ikkje berre klarte han spenna den mektige bogen til Sjiva, han braut han i to.

Ei av dei tre konene til kongen lurte han til å lova at sonen hennar — Bharata — skulle bli konge i staden for eldstesonen Rama, og at Rama måtte sendast i eit fjortenårig eksil. Kongen kunne ikkje gå tilbake på ordet sitt utan å mista mykje ære, og Rama godtok situasjonen som ein lydig son. Etter å ha trøysta far sin drog han til skogs med Sita og broren Laksjmana.

Rama kjem tilbake til Ayodhya.

I eksilet nedkjempa Rama mange demonar (asuraer). Den mektigaste av dei var Ravana, som bortførte Sita og gøymde henne i øyriket sitt, Lanka. Etter lang tids leiting, og ved hjelp av ein hær av apar og bjørnar som var leia Hanuman, fann dei fram til Lanka, bygde ei bru og nedkjempa demonane der. Dei fjorten åra var over, og Rama drog tilbake til heimlandet i triumf, og blei endeleg krona som konge. Dette innleidde Rama-rajya, 'Rama-riket', eit velstyrt samfunn der alle levde i fred.[1]

I nokre versjonar ender likevel ikkje soga med at Rama og Sita levde lukkeleg alle sine dagar som konge og dronning av Ayodhya. Det gjekk nemleg rykte om at Sita ikkje lenger var kysk nok til å vera dronning, etter å ha budd i lang tid hjå demonkongen på Lanka. Som følgje av dette følgde Rama igjen plikta (dharma) si, og sende kona si bort. Ho fødde seinare tvillingsønene Lava og Kusja i asjramet til vismannen Valmiki.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Rama (i midten) med Sita og Laksjmana ved Kalarama-tempelet i Nashik.

Rama var mørkhuda, og blir ofte framstilt som svart eller endå vanlegare blå. For det meste er han avbilda saman med dei som stod han nærast – kona Sita, broren Laksjmana og den trufaste følgjesveinen Hanuman, som sit tett ved føtene hans. Rama vert alltid framstilt med pil og boge, som viser at han er budd til å kjempe mot det onde.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Rama blir sett på Mariyada Purshottama, 'Den perfekte mannen'. Han gjer plikta si utan å mukka, først som son ved å følgja løftet til faren, seinare som konge ved å lytta til det folket meinte. I moderne tid er han blitt kritisert for desse og andre handlingar, som unødig vald mot demonar.

Først og fremst er likevel Rama dyrka som ein allmektig gud. Han er blitt omtalt som ein avatar av Visjnu sidan århundra like etter Kristus. Helteskikkelsen Rama kan stamma frå ein stammehelt som levde ein gong i det gamle India, og mange hinduar trur fullt og fast på at han har levd, og at hendingane skildra i Ramayana er sanne.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Rama blir særleg feira på ramanavami, ei høgtid til minne om fødselsdagen og bryllaupsdagen hans. I Nord-India blir sigeren hans over Ravana markert i høgtida dassjara og heimkomsten hans under divali.

Det er ikkje funne teikn til at ein tilbad Rama som hovudgud før på 1000-talet, men frå 1300-talet utvikla det seg ei bhaktirørsle som såg på Rama som allguden. Ein viktig leiar var reformatoren Ramananda.[2]

Fleire bhadjanar, heilage songar, er vigde Rama, til dømes den utbreidde «Ram nám djapo» ('Syng namnet til Rama'). Namnet er også velkjend frå mantraet «Hare Rama, Hare Krisjna». Under kremasjonar i Nord-India er det vanleg å messa «Ram nám satya hai» — 'Namnet til Rama er sanning').

Store tempel til Rama finst mellom anna i Bhadrachalam i Andhra Pradesh og Dhanushkodi ved sørspissen av India.

Mahatma Gandhi var kjend som ein stor Rama-tilhengjar, og brukte mellom anna ordtaket «Nirbal ke Bal Ram» ('Rama er styrken åt dei svake') som tittel på eit kapittel i sjølvbiografien sin. Det er også kjend at dei siste orda Gandhi sa då han vart skoten var «He Ram, He Ram», noko som kan liknast med norsk «Å, Gud».

Ei moderne framstilling av Rama.

Rama i moderne indisk politikk[endre | endre wikiteksten]

Rama har fått ei viktig tyding i India ved sjølvstendet i 1947 og seinare. Gandhi la fram Ramarajya som eit ideal for det nye India. Seinare har hindunasjonalistiske politikar lova at dei vil arbeida for å oppretta eit slikt styre.[1]

Stader knytte til Rama har vore fokus for sterke kjensler i det moderne India. Ayodhya blei eit symbol for den hindunasjonalistiske rørsla som ønska å riva ein moské som stod på det dei hevda var fødestaden til Rama, for i staden å bygga eit tempel der. Då aktivistar reiv moskeen i 1992, førte det til store, valdelege demonstrasjonar i fleire delar av India.

I 2007 oppstod ei ny Rama-konflikt, mellom religiøse og sekulære hinduar, då indiske styresmaktene i India la planar om å grava ut ei skipslei mellom India og Sri Lanka, gjennom den undersjøiske formasjonen som blir sett på som brua laga av Rama, Ram Setu ('Rama-brua'). Medan vitskapsfolk heldt fast at brua var eit naturfenomen, og politikarar sa at Rama ikkje nødvendigvis hadde levd, hevda fleire truande at dette var blasfemi.[2][3]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet rama (devanagari श्रीराम, Rāma) er eit adjektiv som tyder 'mørk', 'svart', eller eit substantiv som tyder 'mørke'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rama

Kjelder[endre | endre wikiteksten]