Ragnhild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnhild er eit norsk kvinnenamn og førenamn. Namnet stammar frå norrøn tid og er sett saman av Ragn- og hild. Ein finn det att på Island som Ragnhildur og på Irland som Ragnhailt.

Ein kjenner til at namnet vart brukt frå 800-talet. Det heldt seg i bruk gjennom kristninga og reformasjonen, og var særleg mykje brukt i Oppland.

Namnet er òg eit tradisjonelt kongeleg namn som var bore av fleire norske dronningar. I soga om Halvdan Svarte i Heimskringla skriv Snorre Sturlason om dronning Ragnhild Sigurdsdotter som drøymde store draumar om korleis etterslekta hennar skulle styra landet.

Ragnhild vart svært populært rundt 1930, då Prinsesse Ragnhild vart fødd og fekk dette namnet. Sidan har det tapa popularitet. Det er om lag 16 500 som heiter Ragnhild i Noreg i dag (SSB 2005).

Personar med Ragnhild som førenamn[endre | endre wikiteksten]

Norske kongelege[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Ragnhild er namnet på ein trilogi og første boka i trilogien, skrive av Olav Duun

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]