Ragnhild Bratberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Bratberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juni 1961 (62 år)
Oslo
Idrett orientering, langrenn
Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Hedmark fylkeskommunes kulturpris

Ragnhild Bratberg (fødd 9. juni 1961) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar, langrennar og skiorienterar frå Ringsaker. Ho var medlem Ringsaker IL og Ringsaker Orienteringslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Under junior-VM på ski 1980 i Örnsköldsvik vart Bratberg nummer 2 på 5 km, for så å gå fyrste etappe då Noreg, med Grete Ingeborg Nykkelmo og Brit Pettersen på dei andre etappane, vann stafetten. Tidlegare i sesongen kom ho på sjetteplass på 10 km ved Ski-NM i Asker. I konkurransen med fleire framstormande landskvinner fekk ho heller få internasjonale oppdrag. Ho enda på 22. plass i verdscupen i langrenn 1981 og 25. plass i 1982. Etter 1984 deltok ho lite i langrenn. På tampen av si idrettskarriere gjekk ho i 1991 til topps i Birkebeinerrennet.

Skiorientering[endre | endre wikiteksten]

I staden for langrenn satsa Bratberg på skiorientering. Her vart ho verdsmeister på normaldistansen i 1986, 1988 og 1990, i 1990 vann ho også kort løype. Ho elles stafett-gull 1986, stafett-sølv 1988 og stafett-bronse 1990. I norske meisterskap gjekk ho inn til 8 sigrar.

Orientering[endre | endre wikiteksten]

Bratberg fekk delta i verdsmeisterskapen i orientering 1981 og overraska med å verte nest beste norske med sin tiandeplass. Året etter stadfesta ho at høyrde til noregseliten i idretten, mellom anna med femteplass i nordisk meisterskap og NM-sølv i begge dei individuelle tevlingane. 1984-sesongen vart Bratberg noregsmeister både i langløype og normalløype. Under den nordiske meisterskapen på Bardufoss tok ho seg av startetappen for dei fire norske kvinnene som vann stafetten. Ho vann den uoffisielle verdscupen i orientering 1984.

I 1985 forsvarte Bratberg meistertittelen i NM lang løype og ho vann sølv på stafetten under Orienterings-VM. Året etter var ho på ny med om å vinne stafetten i nordisk meisterskap. I noregsmeisterskapane 1986 tok ho gull i klassisk og sølv i lang løype, to prestasjonar ho kopierte i 1987. Under verdsmeisterskapen sprang ho startetappen då det norske kvinnelaget vann stafetten.

1988-sesongen vart Bratbergs beste. Ho vart nordisk meister i Halmstad, både individuelt og i stafett, norsk meister på klassisk-distansen for tredje året i rad og ho vann verdscupen. Sommaren 1989 sigra ho i langdistansen-NM med ein margin på 25 minutt til nummer 2, om hausten kom ho på fjerdeplass i VM og på tredjeplass på klassisk-distansen i NM. I 1990 sikra ho seg ein ny gullmedalje i NM lang løype og ein sølvmedalje på den nye kortdistansen, som ankerkvinne sprang ho elles inn til stafett-sølv i den nordiske meisterskapen. I 1991-sesongen, hennar siste, vann Bratberg eit VM-sølv i stafett, NM-gull i lang løype og på kortdistansen, samt NM-bronse i klassisk løype,

Gjennom åra vann Bratberg fire kongepokalar. I 1988 vart ho tildelt Egebergs Ærespris for sine prestasjonar i langrenn, skiorientering og orienteringsløp. Same året mottok ho også Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]