Grete Ingeborg Nykkelmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grete Ingeborg Nykkelmo
Grete Ingeborg Nykkelmo.jpg
Fødd 25. desember 1961
Trondheim
Yrke skiskyttar, langrennsløpar, friidrettsutøvar
Grete Ingeborg Nykkelmo på Commons

Grete Ingeborg Nykkelmo (fødd 25. desember 1961) er ein norsk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Selbu. Ho er individuell verdsmeister i både langrenn og skiskyting. Under VM på ski 1985 i Seefeld tok ho fire medaljar; gull på 20 km, sølv på stafetten og bronse på både 5 og 10 km. I 1991 vart ho verdsmeister i 7,5 km i skiskyting. Ho representerte Selbu IL i langrenn og Voss Skiskyttarlag i skiskyting. Nykkelmo er gift med Vegard Ulvang og bur i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Nykkelmo var del av ein framifrå¨generasjon med norske kvinnelege langrennsløparar. Ho fekk dermed vanskar med å slå seg inn på representasjonslaga. Men i hennar eine store sesong, 1985-sesongen, lukkast ho til gagns. Etter å ha gått inn til bronsemedaljar på 10 km og 5 km under ski-VM i Seefeld, fekk ho plass på det norske stafettlaget. På stafettlaget gjekk ho saman med Anette Bøe, Anne Jahren og ankerkvinna Berit Aunli. Noreg var store favorittar og leia då Nykkelmo på tredjeetappe skulle veksle med Aunli. Ei klønete veksling førte til at Aunli braut ein stav og sidan vart passert av Anfisa Romanova for Sovjetunionen. Noregs lag enda då på andreplass. På den avsluttande 20-kilometeren i meisterskapen vart det norsk storeslem med fire løparar på topp, og aller øvst Grete Ingeborg Nykkelmo. Samanlagt i verdenscupen i langrenn for 1985 kom ho på andreplass. Ho vann to verdscuprenn i si tid som langrennsløpar.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Nykkelmo var ei tid kjærast med skiskyttaren Eirik Kvalfoss, og satsa frå 1989/90 på skiskyting. Allereie under VM i skiskyting 1990 i Kontiolax gjekk ho på det norske stafettlaget som tok sølv på 3 x 5 km stafett. Sesongen etter, under VM i skiskyting 1991 i Lahtis tok ho tre medaljar. Ho vart verdsmeister på 7,5 km, og tok sølv på både 15 km og i 3 x 5 km stafett. På stafettlaget gjekk ho både i 1990 og 1991 saman med Anne Elvebakk og Elin Kristiansen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

For sine prestasjonar vart Nykkelmo tildelt Olavstatuetten i 1985 og Egebergs Ærespris i 1990. Ho var marknadssjef under Ski-VM 1997 i Trondheim. I perioden 1999–2003 var ho styremedlem i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité.

Ho er utdanna ved Heimdal videregående skole og NTH, og var i mange år tilsett i Telenor. Nykkelmo er no ansvarleg for marketing og sponsing i Statkraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar