Ramat Yohanan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°47′34.44″N 35°7′16.67″E
Ramat Yohanan
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Zevulun
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Zevulun regionale kommune
Koordinatar 32°47′34.44″N 35°7′16.67″E
Folketal 842 (2011[1])
Grunnlagd 1932
 - Grunnlagd av Innfødde jødar og amerikanske emigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ramat Yohanan
Nettstad: www.ramat-yohanan.com

Ramat Yohanan (hebraisk skrift רָמַת יוֹחָנָן, tyder Yohananhøgdene) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Kiryat Ata og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 842.[1]. Han ligg like ved kibbutzen Kfar HaMaccabi

Landsbyen vart grunnlagd i 1932 på landområde kjøpt av Yehoshua Hankin frå Libanon i 1925. Grunnleggjarane var ei blanding av innfødde jødar og emigrantar frå USA. Han vart kalla opp etter den sørafrikanske politikaren Jan Smuts, som støtta sionismen.

Han var åstad for eit slag under borgarkrigen i Palestinamandatet 1947–1948 . Drusar-regimentet til Den arabiske frigjeringshæren møtte Haganah-soldatar. Drusarane gjekk tom for ammunisjon og trekte seg attende til basen sin i Shefa-'Amr med store tap. Etter nederlaget deira skifta mange drusarar side i krigen, og byrja å samarbeide med Haganah.

I 1941 vart Yitzhak Rabin med i Palmach-avdelinga til Haganah under opphaldet sitt i kibbutzen Ramat Yohanan.

Kibbutzen dyrkar mellom anna pompelmus, og held kyr både for kjøt og meieriprodukt, og her ligg plastikkfabrikken Palram.[2] Dei produserer òg noko olivenolje, som hovudsakleg vert nytta i eller seld frå kibbutzen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014. 
  2. http://www.palram.com/print?c0=13543