Kiryat Ata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°48′N 35°06′E
Kiryat Ata
קִרְיַת אָתָא, كريات آتا, Qiryat Ata, Kiryat Ata
by
Hazionot Kiryat Ata.jpg
HaTzionut boulevard
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°48′N 35°06′E
Areal 16,71 km²
Folketal 50 700 (2009) [1]
Folketettleik 3 034 / km²
Bystatus 1969
Borgarmeister Yaakov Peretz
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kiryat Ata

Kiryat Ata (hebraisk skrift קִרְיַת אָתָא; òg Qiryat Ata, arabisk كريات آتا, Kiryāt ʾĀtā) er ein by i Haifa distrikt i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2009 50 700 innbyggjarar.[1] Han er òg kjend under det tidlegare namnet Kfar Ata (hebraisk skrift כְּפַר עָטָּה).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort arkeologiske undersøkingar i Khirbet Sharta, nordaust i byen, som syner spor av busetnad attende til bronsealderen, jernalderen, hellenstisk tid, Romarriket, Austromarriket og mamelukkane.[treng kjelde]

I 1283 vart han nemnd som ein del av området til krossfarane, i følgje hudnaen mellom krossfararane og mamelukk-sultanen Qalawun. På den tida vart han kalla Kafrata.[2]

Byen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 og Kufrata stod oppførst i osmanske skattelister i 1596 i Akko nahiya i Safad liwa. Han bestod då av 15 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, bomull, geiter og bikubar.[3][4]

I 1859 var folketalet estimert til 100.[5] I 1875 vitja Victor Guérin staden og fann 50 hus i landsbyen.[6] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kefr Etta[7] som «ein liten adobelandsby, på ei slette, med ein vassbrunn i nord og oliven i aust.»[5]

I folketeljinga i 1922 av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufritta 400 innbyggjarar, sju kristne og 393 muslimar,[8] og talet minka i 1931 til 4 muslimar og 29 jødar, i alt 13 hushaldningar.[9] I 1945 var folkesetnaden i Kefar Atta (Kufritta) 1 690 jødar på eit område som dekte 6 kvadratkilometer.[10] Av dette var seks mål for sitrus og bananar, 39 mål for plantasjar og kunstig vatna land, og 1 527 mål for korn,[11] medan 3 591 mål var utbygde område.[12]

Tidleg på 1900-talet vart landområde til den arabiske landsbyen Kefr Etta kjøpt av ei religiøs stifting frå Warszawa kalla Avodat Israel gjennom meklarar i American Zion Commonwealth. Avodat Israel grunnla Kfar Ata i 1925, som fekk namnet Kiryat Ata i 1965 då landsbyen vart slått saman med den nærliggande Kiryat Binyamin. Under opprøra i 1929 vart byen angripen og fråflytta. Eit år seinare kom innbyggjarane attande og bygde opp att samfunnet. Byen vart kjend for tekstilfabrikken Ata, oppretta i 1934 av Erich Moller.[13]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ata-fabrikken, som opna i 1934, vart eit ikon for tekstilindustrien i Israel. Han leid økonomiske problem i 1960-åra og vart nedlagd i 1985.[14]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Ata har eit middelhavsklima med varme, tørre somrar, og kjølige og regnfulle vintrar. Den varmaste månaden er juli og den kaldaste februar. Det kjem sjeldan snø, men det vart registrert snø i 1950, 1992 og 1999. Årsmiddelnedbøren er 524 millimeter.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje CBS var den etniske samansetnaden i 2001 99,8 % jødisk og andre ikkje-arabarar, utan ein større arabisk folkesetnad.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den største fotballklubben i byen er Maccabi Ironi Kiryat Ata, som spelar på det andre nivået i israelsk fotball. Det lokale basketballaget, Elitzur Kiryat Ata, spelar på det øvste nivået i Israel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2010-06-30. Henta 30. mars 2015. 
  2. al-Qalqashandi version of the hudna, referred in Barag, 1979, p. 207, no. 59
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 193
  4. Note that Rhode, 1979, p. 6 writes that the Safad register that Hütteroth and Abdulfattah studied was not from 1595/6, but from 1548/9
  5. 5,0 5,1 Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 285
  6. Guérin, 1880, p. 409
  7. meaning "Village of Etta", where Etta er ein personal name, according to Palmer, 1881, p. 110
  8. Barag, 1923,Table XI, Sub-district of Haifa, p. 33
  9. Mills, 1932, p. 94
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, s. 48
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 90
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 140
  13. Ata: Factory, Fashion Dream
  14. When the guns fell silent, Haaretz

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]