Randselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinteridyll ved Randselva og Vesterntangen i Hønefoss

Randselva er elva som startar i sørenden av Randsfjorden, ved Jevnaker i Oppland, og renn via Kistefoss, Viul og Hvalsmoen ned mot Hønefoss i Ringerike kommune, Buskerud. Elva renn saman med Begna like nedanfor Hønefossen i Hønefoss og dannar der Storelva, som sidan renn ut i Tyrifjorden.

Randselva er i dag spesielt kjent for den lokale stamma av storaure, der det er spesielt populært å fiske med stong på strekninga mellom Viulfossen og Hvalsmoen. I dette området driv òg den lokale sportsfiskerforeininga stamfiske kvar haust, for å sikre stammen for framtida. Elverekorden på stong er på omkring 13 kg.