Raudmaskekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudmaskekolibri
Raudmaskekolibrihoe
Raudmaskekolibrihoe
Raudmaskekolibrihann
Raudmaskekolibrihann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigGeografisk utbreiing ██ Overvintringsområde██ Hekking og overvintring
Geografisk utbreiing ██ Overvintringsområde██ Hekking og overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Calypte
Art: Raudmaskekolibri C. anna
Vitskapleg namn
Calypte anna

Raudmaskekolibri (Calypte anna) er ein middels stor medlem av kolibrifamilien Trochilidae. Arten høyrer heime i vestlege kystregionar i Nord-Amerika, og austover til Arizona, USA.

På byrjinga av 1900-talet hekka raudmaskekolibriar berre i nordlege Baja California i Mexico og Sør-California i USA. Etter det har arten utvida utbreiingsområdet mot nord til og med kysten av British Columbia i Canada. Det har vore forklart med spreiing av eksotiske prydplantar i bustadområde langs heile stillehavskysten med innland, og det gav utvida habitat med nektar- og hekkeplassar.

Arten er monotypisk: ingen underartar er anerkjende.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein hannfugl som viser iriserande hovudfjører

Raudmaskekolibriar er 10 til 11 cm lange[2] og kroppsvekta ligg på 4-4,5 gram.[3] Dei har ein iriserande bronsegrøn rygg, eit bleikgråt bryst og buk, og grøne flankar. Nebba deira er lange, rette og tynne. Den vaksne hannen har ein iriserande krimsonraud til raudrosa krone og strupe, «ringkrage-smykke», som kan synast som matt brun eller grå utan direkte sollys. Dei har ein mørk, lett kløyvd hale. Hoene har også iriserande raud strupeflekk, sjølv om det iriserande området vanlegvis er langt meir avgrensa og mindre strålande enn hos hannen.[3]

Hoer og unge hannar har ei matt grøn krone, ein grå hals med eller utan raud iris, grått bryst og buk, og ein mørk, avrunda hale med kvite spissar på dei ytre fjørene.[3]

Hannfuglar med forhøgde nivå av protein i kosthaldet har meir fargerike kroner og høgare irisering i hovudfjørene samanlikna med hannfuglar med lågt proteininntak.[4]

Lætet er godt undersøkt og fleire ulike typar lydytringar er skildra for raudmaskekolibrien. Ei inndeling er: (1) Tzip-tonar, begge kjønn gjev dette metalliske, harde ropet når dei er engstelege, hissa opp eller held kontakt. Kan flyte ut til kvitring. (2) Skrallande rop, serie på ca. 10 tonar i sekundet, lågare frekvens enn tzip-tonar, varsellæte brukt av begge kjønn. (3) «Dukkelyd», berre produsert av hannar i paringsspelet, generert av dei ytre halefjørene under stupdukket, etterfølgt av ei strofe frå den ordinære songen. (4) Song frå ein territorial hann konstruert etter eit komplekst mønster.[3]

Som andre kolibriar lever denne arten av nektar frå blomstrar ved å bruke ei lang uttrekkbar tunge. Dei et også små insekt og andre leddyr fanga i flukt eller plukka frå vegetasjon. Raudmaskekolibriar har tilpassa seg urbane miljø og er ofte sett i bakgardar og parkar, og ved fôringsautomatar og blomstrande plantar.[3]

Når raudmaskekolibriar stiller medverkar dei store brystmusklane deira den høge vengeslagsfrekvensar som blir oppnådde gjennom mobilisering av motoriske einingar.[5] Brystmusklane som driv kolibriflukt består eine og åleine av raske glykolytiske fibrar som reagerer raskt og har motstand mot trøyttleik.[5] Rudmaskekolibriar med utilstrekkelege lager av kroppsfeitt eller utilstrekkeleg fjørdrakt er i stand til å overleve periodar med underkjølt vêr ved å senke stoffskiftet og gå inn i ein tilstand av torpor.[6] Under kalde vêrtilhøve går raudmaskekolibriar gradvis opp i vekt i løpet av dagen ettersom dei konverterer sukker til feitt.[7]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Raudmaskekolibriar finst langs den vestlege kysten av Nord-Amerika, frå det sørlege Canada til det nordlege Baja California, og fåtalige i innlandet til det sørlege og sentrale Arizona, ekstremt sørlege Nevada og søraustlege Utah, og vestlege Texas.[3] Dei har ein tendens til å vere standfuglar innanfor sitt område. Likevel har streiffuglar vorte oppdaga langt utanfor utbreiingsområdet sitt.[8]

Som svar på stigande temperaturar ved låge høgder under klimaendringar i det 21. hundreåret, har raudmaskekolibriar utvida utbreiingsområdet til dei kjøligare sommarmiljøa i høgare høgder opptil 2825 meter fjellterreng i California, slik som Sierra Nevada.[6]

Medan utbreiingsområdet deira opphavleg var avgrensa til chaparralen i California og Baja California, utvida området seg nordover til Oregon, Washington og British Columbia, og austover til Arizona på 1960- og 70-talet. Denne raske ekspansjonen blir tilskriven den utbreidde plantinga av ikkje-heimehøyrande artar, som eukalyptus, og dessutan bruken av urbane fôringsautomatar, i kombinasjon med den naturlege tendensen arten har til omfattande spreiing etter hekking.[3]

Hoe av raudmaskekolibri i nattleg torpor om vinteren; −8 °C, nær Vancouver, British Columbia. Fuglen vart verande i torpor med uendra posisjon i meir enn 12 timar

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Mens han samlar nektar, hjelper raudmaskekolibrien med plantepollinering.[3] Det er bevis på at raudmaskekolibriar under flukt genererer ein elektrostatisk ladning som festar pollen til nebb og fjør, noko som lettar overføring av pollenkorn til hundrevis av blomstrar per dag medan dei søkjer etter nektar.[9] Denne kolibrien konsumerer nokre gonger tresaft.[3]

Raudmaskekolibriar kan riste kroppen 55 gonger i sekundet for å kaste ut regn medan dei flyg, eller i tørt vêr, for å fjerne pollen eller skitt frå fjørene. Kvar vriding varer fire hundredelar av eit sekund og påfører 34 gonger tyngdekrafta på hovudet til fuglen.[10]

I motsetnad til dei fleste andre nordlege tempererte kolibriar, syng hannen av raudmaskekolibri under paringsspelet. Songen er tynn og knirkande, ispedd summar og kvitring, og blir strekt til over 10 sekund. I hekkesesongen kan hannar observerast utføre eit stupdukk i lufta over territoria deira. Når ei hoe flyg inn på territoriet til ein hann, stig hannen opp til omtrent 35-40 m før han stuper over hoa. Når hannen nærmar seg botnen av dukket, når han ei gjennomsnittsfart på 97 km/t, som er 385 kroppslengder per sekund.[11] På botnen av dukket flyg hannen med 83 km/t, er utsett for sentripetalakselerasjon på ca. 9,5 G og produserer ein høyrbar lyd frå halefjørene, av nokre skildra som eit «eksplosivt knirk».[3]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Ei hoe rugar i eit kamuflert reir

Opne skogkledde eller buskrike område og fjellenger langs stillehavskysten frå British Columbia til Arizona utgjer hekkehabitatet. Hoa oppdreg ungane utan hjelp frå hannen. Hofuglen byggjer reir i ein busk eller eit tre, i vinranker eller festa til leidningar eller andre kunstige underlag. Det runde reiret med ein ytre diameter på 3,8 til 4,1 centimeter er konstruert av plantefibrar, dunete fjør og dyrehår; eksteriøret er kamuflert med fliser av låg, plantarestar, og nokre gonger urbane restar som målingsflis og sigarettpapir. Reirmateriala er bundne saman med edderkoppsilke. Dei er kjende for å hekke så tidleg som i midten av desember og så seint som i juni, avhengig av geografisk plassering og klimatiske forhold.[3]

Raudmaskekolibriar kan hybridisere med andre artar, spesielt ein i same slekta, ørkenkolibri, Calypte costae.[3]

Urbanisering[endre | endre wikiteksten]

I Vancouver Official City Bird Election i 2017 vart raudmaskekolibri kåra til den offisielle fuglen i byen Vancouver, British Columbia.[12] Raudmaskekolibriar er standfuglar i Seattle, der dei lever året rundt gjennom vinteren, og toler lengre periodar med minusgrader, snø og sterk vind.[13]

Populasjon og trend[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje eit estimat for 2019 er det 9,6 millionar raudmaskekolibriar globalt med ein bestand som har auka 35 % dei siste ti åra. Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert arten som livkraftig.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  2. Rachel Smith, ‎John Davidson, ‎Hummingbirds For Kids side 15, Mendon Cottage Books · 2015
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 Clark, C. J. and S. M. Russell (2020). Anna's Hummingbird (Calypte anna), version 1.0. In Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.annhum.01
  4. Meadows, M. G.; Roudybush, T. E.; McGraw, K. J. (25 July 2012). «Dietary protein level affects iridescent coloration in Anna's hummingbirds, Calypte anna». The Journal of Experimental Biology 215 (16): 2742–2750. ISSN 0022-0949. PMC 3404802. PMID 22837446. doi:10.1242/jeb.069351. 
  5. 5,0 5,1 Altshuler, Douglas L.; Welch, Kenneth C.; Cho, Brian H.; Welch, Danny B.; Lin, Amy F.; Dickson, William B.; Dickinson, Michael H. (15 July 2010). «Neuromuscular control of wingbeat kinematics in Anna's hummingbirds (Calypte anna. Journal of Experimental Biology (på engelsk) 213 (14): 2507–2514. ISSN 0022-0949. PMC 2892424. PMID 20581280. doi:10.1242/jeb.043497. 
  6. 6,0 6,1 Spence, Austin R.; LeWinter, Hannah; Tingley, Morgan W. (15. mai 2022). «Anna's hummingbird (Calypte anna) physiological response to novel thermal and hypoxic conditions at high elevations». Journal of Experimental Biology 225 (10). ISSN 0022-0949. PMID 35617822. doi:10.1242/jeb.243294. 
  7. Powers, D. R. (1991). «Diurnal Variation in Mass, Metabolic Rate, and Respiratory Quotient in Anna's and Costa's Hummingbirds» (PDF). Physiological Zoology 64 (3): 850–870. JSTOR 30158211. doi:10.1086/physzool.64.3.30158211. 
  8. «Unusual Hummingbird for Idaho: Anna's Hummingbird – Calypte anna». Arkivert frå originalen 16. mai 2008. Henta 2. august 2023. . Sjå utbreiingskart nedst på sida
  9. Badger, Marc; Ortega-Jimenez, Victor Manuel; von Rabenau, Lisa; Smiley, Ashley; Dudley, Robert (30 September 2015). Gruverman, Alexei, red. «Electrostatic charge on flying hummingbirds and its potential role in pollination». PLOS ONE 10 (9): e0138003. Bibcode:2015PLoSO..1038003B. ISSN 1932-6203. PMC 4589311. PMID 26421845. doi:10.1371/journal.pone.0138003. 
  10. Ortega-Jimenez, VM; Dudley, R (2012). «Aerial shaking performance of wet Anna's hummingbirds». Journal of the Royal Society Interface 9 (70): 1093–1099. PMC 3306655. PMID 22072447. doi:10.1098/rsif.2011.0608. 
  11. Clark, C.J. (2009). «Courtship dives of Anna's hummingbird offer insights into flight performance limits». Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences 276 (1670): 3047–3052. PMC 2817121. PMID 19515669. doi:10.1098/rspb.2009.0508. 
  12. «Official City Bird: Anna's Hummingbird». City of Vancouver. 2019. Henta 2. august 2023. 
  13. Gregory A Green (2 October 2018). «Anna's Hummingbird: Our winter hummingbird». BirdWatching. Henta 2. august 2023. 
  14. «Anna's hummingbird». International Union for Conservation of Nature’s Red List of Threatened Species. 2021. Henta 2. august 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Raudmaskekolibri